🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - Ny e-helselov og endringer i IKT-standardforskriften

Stord kommune

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Her er høyringssvar frå Stord kommune vedteke i Utval Rehabilitering, helse og omsorg 12.12.19:

Stord kommune ser at det er trong for ei lov som skal bidra til å styrka digitaliseringa i helse- og omsorgssektoren (e-helse) for å legge til rette for gode og effektive helse- og omsorgstenester. Lova skal og medverka til betre nasjonal samordning og samhandling mellom forvaltningsnivåa.

Finansiering Lova pålegg kommunane å ta i bruk og betale for løysingar som er laga for statlege tenester og som ikkje fullt ut dekker kommunen sine behov. KS peikar på at staten bør betale for dei nasjonale løysningane for samhandling mellom dei ulike aktørane i helse- og omsorgstenesta på lik line som anna kritisk infrastruktur. Stord kommune sluttar seg til KS sin uttale. Det vert vanskeleg å budsjettere med auka kostnader e-helselova pålegg kommunane.

Medverknad Lova gir ikkje kommunane reell medverknad til verken utvikling av nye e-helse løysingar eller ved berekning og fordeling av kostnader. Det vert foreslått å tidfeste innføring av dei nasjonale e-helseløysingane i forskrift. Dette gjer at kommunane blir pålagte å ta i bruk løysingane på eit tidspunkt dei ikkje har medverknad på og heller ikkje økonomisk oversikt over.

Økonomiske konsekvensar Høyringssvaret påpeikar at staten bør betale for dei nasjonale løysingane på lik line med anna kritisk infrastruktur.

Folkehelse og universell utforming Digitale løysingar gjerast tilgjengeleg for alle innbyggjarar uavhengig eventuelle funksjonshemmingar og språk vanskar. Det må vera alternative løysingar for dei som ikkje har digital kompetanse eller tilgang til digitale verkty. Kjernejournal sikrar viktig informasjon tilgjengeleg uansett kor ein er. Må sikre at det ikkje fører til sosiale skilnader i helse.