🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - NOU 2019:16 Skattlegging av vannkraftverk

Aurland kommune

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner

Kommunen si grunngjeving:

1. Kraftskatteutvalet sitt framlegg om å fjerne ordningane med konsesjonsavgift og konsesjonskraft, samt endringar i eigedomsskatten, vil innebere ein reduksjon i inntekter for Aurland kommune på vel 70 millionar kroner årleg før kompensasjon. Ei slik inntektstap vil få store konsekvensar for velferd, tenesteproduksjon og samfunnsutvikling i Aurland kommune. Aurland kommune vil med dette framlegget ikkje ha grunnlag for å halde fram som eigen kommune.

a.Då kraftutbygginga starta i Aurland i 1969 var det ikkje heilårsveg ut av kommunen. Einaste kommunikasjon på vinteren var tog og båt. I samband med kraftutbygginga var vegbygging det første som måtte skje og såleis vart kommunikasjonane raskt forbetra. I 1974 opna Aurland – Hol. Vegbygging var ein viktig følgje av kraftutbygginga i Aurland.

b. Aurlandsdalen er trass kraftutbygging eit av dei mest kjende friluftsområda i Noreg. Takka vere naturverninteresser er idyllen bevart. I samband med utbygginga av Aurlandsvassdraga på 70 og 80-tallet vart det bygd 11 demningar, 11 bekkeinntak og 37 fjellvatn var omfatta. Det vart bygd til saman 160 km veg. (kjelde: E-CO energi). Så naturinngrepa er svært store.

c. Aurlandselva er særleg kjent for sjøaure, men har og vore ei kjent lakseelv. Konsesjonshavar har vore pålagt ei rekkje tiltak for å ivareta fisket.

d. Aurland kommune er i dag vertskap til, både eit av landets største kraftverk, og eit av landets mest populære reisemål, med Flåmsbana og verdsarvområdet. Aurland kommune etablerte saman med SIVA, Aurland sparebank selskapet Aurland ressursutvikling AS i 1997 for å ta over drift av Flåmsbana. Ein føresetnad for at selskapet fekk ta over drift av Flåmsbana var at det og vart bygd ein djupvasskai, som kunne ta imot cruiseskip. Dette la grunnlaget for vidare utvikling av Flåm som reisemål. Dei investeringane som vart gjort hadde ikkje vore mogeleg utan inntekter frå kraftproduksjon.

e. Aurland kommune er ein kommune med positiv utvikling i høve til innbyggjartal og næringsliv. Telemarksforsking skriv i ein rapport om Suksessrike distriktskommuner anno 2018 (TF 442) at «Aurland har knekt bygdekoden». Ein av dei faktorane som blir peika på i rapporten er satsinga som har vore på reiseliv.

f. Dei høge besøkstala gjer at infrastruktur og tenestetilbod i Aurland, må dimensjonerast for vesentleg fleire enn våre 1780 innbyggjarar. Kraftinntektene, som kommunen har, er viktige for at kommunen skal kunne ivareta sitt ansvar, knytt til for eksempel helse, beredskap, avfall og parkering. Det er forventa ein stor vekst i reislivet dei neste åra, og det er vedteke strengare miljøkrav knytt til verdsarvområdet. At kommunen har kraftinntekter er heilt avgjerande for at kommunen kan tilrettelegge.

g. Landskapet i Aurland er utfordrande å byggje i, og frå 1989 til 2015 har kommunen brukt ca. 65 millionar på kartlegging og sikring av naturfarar. Dette hadde ikkje vore mogeleg utan kraftinntekter.

h. Tenestetilbodet i Aurland har generelt god kvalitet. Kraftinntektene bidreg til dette.

2. Aurland kommune støttar LVK sin uttale fullt ut, og vil understreke at framlegget frå kraftskatteutvalet, er eit brot på den samfunnskontrakta, som låg til grunn då kommunen gjorde naturressursane sine tilgjengelege!

a. Aurland kommune er ikkje samd i at grunnlag for eigedomsskatten må endrast.

b. Konsesjonsavgift og konsesjonskraft er ein viktig føresetnad for lokal utvikling og må vidareførast!

c. Aurland kommune har ikkje tillit til at ein auke i naturressursskatt og omfordeling av denne kan kompensere for eit eventuelt tap av kraftinntekter

d. Aurland kommune ber om at kommunane og næringa blir høyrt og at grunnrenteskatten, som næringa peikar på er problematisk, blir sett nærare på.