NOU 2019: 16 Skattlegging av vannkraftverk
Energi Teknikk AS er eit selskap som leverer elektromekanisk utstyr til småkraftmarknaden, vi held til i Rosendal i Kvinnherad og hadde i fjor ei omsetnad på 86 MNOK. I år ser det ut for at aktiviteten vår vert endo høgare og representerer ei omsetnad på om lag 150 MNOK. Lokalt i Rosendal har selskapet 22 arbeidsplassar og vi nyttar fleire lokale bedrifter i kommunen som underleverandørar. Slik sett er ringverknadane store når det gjeld omsetnad og arbeidsplassar i ein distriktskommune som Kvinnherad.
Kraftskatteutvalet vil innføra grunnrenteskatt på småkraftverk med påstempla effekt over 1,5 MVA. Forslaget er i strid med gjeldande lovgjeving og politikk. Det gir enorme tap for fall- og kraftverkseigarar. Det vil føra til stopp i bygging av fornybar småkraft. Sistnemnde vil ha kritiske konsekvensar for vår verksemd.
I 2002-2003 blei det fastlagt ein klar og ambisiøs småkraftpolitikk. Endring av Industrikonsesjonslova, Vassdragsreguleringslova og Skattelova i 2004 danna eit fundament for småkraftutbygging. Det blei fastlagt både politisk, i lovverk førebuingane at:
- Småkraftverk under 5,5 MVA ikkje skal svara for grunnrenteskatt.
- Småkraftverk som er mindre enn 4000 nhk ikkje skal ha heimfall til staten.
- Dette skal gi auka bygging av småkraft.
- Dette skal gi auka lønsemd etter skatt for småkraftverk.
Det er også skrive ned i vassdragslovgjevinga gjennom fleire hundre år at fallrettar er privat eigedom. Uregulert småkraft kjem i liten grad i konflikt med allmenne interesser. Private fallrettar bør difor bli skatta som ein felleseiga naturressurs.
Skatteutvalet sitt forslag er stikk i strid med tilsikta lovgjeving og politikk. Dei svarar heller ikkje på mandatet sitt kor ein skulle sjå om skattesystemet hindrar lønsam utbygging av ny vasskraft. Forslaget er spesielt dramatisk for småkraftverk som i dag ikkje har grunnrenteskatt. Det er kritikkverdig at konsekvensane av ei slik endring ikkje er undersøkt.
Stikk i strid med mandatet sitt vil utvalet med forslaget sitt hindra bygging av 3-4 TWh småkraft. Dette er samfunnsøkonomiske prosjekt som elles ville blitt bygt.
Stikk i strid med vedteke lovverk og politikk sidan 2004 føreslår utvalet kraftig reduksjon i lønsemd for eksisterande kraftverk. Dette vil føra til ei massiv restrukturering av bransjen kor dei store taparane blir dei lokale fallrettseigarane.
Stikk i strid med mandatet sitt om å vurdera innretningar for nedre grensa for grunnrenteskatt, har utvalet i staden tatt eit politisk standpunkt om lik skatt for alle.
Energi Teknikk AS har to forslag til å løysa problemstillinga rundt grunnrenteskatt og nedre grense:
- Småkraft under 10 MVA skal ikkje svara for grunnrenteskatt
- Samfunnsøkonomisk vurdering av nedre grensa blir handtert av NVE gjennom konsesjonsprosessen og i planendring og detaljplanar.
Alternativet er svært alvorlege konsekvensar for oss. Då forslaget vil føra til stopp i nybygging av småkraft vil dette få alvorlege konsekvensar for vår drift og permitteringar og oppseiingar vil mest sannsynleg bli utfallet. Dette er dårleg distriktspolitikk og legg lite til rette for lokal verdiskaping og arbeidsplassar knytt til utbygging av ny, fornybar kraft. Dette ber vi regjeringa ta omsyn til i si vurdering av NOU 2019: 16 Skattlegging av vannkraftverk.
Energi Teknikk AS, 30.12.2019
Arild Klette Steinsvik