🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - NOU 2019:16 Skattlegging av vannkraftverk

Engeset Kraft AS

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
NOU 2019: 16 Skattlegging av vasskraftverk

Kraftskatteutvalet vil innføre grunnrenteskatt på småkraftverk med påstempla effekt over 1,5 MVA. Forslaget er i strid med gjeldande lovgjeving og politikk. Det gir enorme tap for fall- og kraftverkseigarar. Det vil føre til stopp i bygging av fornybar småkraft.

I 2002-2003 vart det fastlagt ein klar og ambisiøs småkraftpolitikk. Endring av Industrikonsesjonslova, Vassdragsreguleringslova og Skattelova i 2004 danna eit fundament for småkraftutbygging. Det vart fastlagt både politisk, i lovverk - førebuingane at:

- Småkraftverk under 5,5 MVA ikkje skal svara for grunnrenteskatt.

- Småkraftverk som er mindre enn 4000 nhk ikkje skal ha heimfall til staten.

- Dette skal gi auka bygging av småkraft.

- Dette skal gi auka lønsemd etter skatt for småkraftverk.

Det er også skrive ned i vassdragslovgjevinga gjennom fleire hundre år at fallrettar er privat eigedom. Uregulert småkraft kjem i liten grad i konflikt med allmenne interesser. Private fallrettar bør difor ikkje bli skatta som ein felleseigd naturressurs.

Skatteutvalet sitt forslag er stikk i strid med tilsikta lovgjeving og politikk. Dei svarar heller ikkje på mandatet sitt der ein skulle sjå om skattesystemet hindrar lønsam utbygging av ny vasskraft. Forslaget er spesielt dramatisk for småkraftverk som i dag ikkje har grunnrenteskatt. Det er kritikkverdig at konsekvensane av ei slik endring ikkje er undersøkt.

Stikk i strid med mandatet sitt vil utvalet med forslaget sitt hindre bygging av 3-4 TWh småkraft. Dette er samfunnsøkonomiske prosjekt som elles ville blitt bygt.

Stikk i strid med vedteke lovverk og politikk sidan 2004 foreslår utvalet kraftig reduksjon i lønsemd for eksisterande kraftverk. Dette vil føre til ei massiv restrukturering av bransjen der dei store taparane blir dei lokale fallrettseigarane.

Stikk i strid med mandatet sitt om å vurdera innretningar for nedre grensa for grunnrenteskatt, har utvalet i staden teke eit politisk standpunkt om lik skatt for alle.

Engeset Kraft AS har to forslag til å løyse problemstillinga rundt grunnrenteskatt og nedre grensa:

- Småkraft under 10 MVA skal ikkje svare for grunnrenteskatt

- Samfunnsøkonomisk vurdering av nedre grensa blir handtert av NVE gjennom konsesjonsprosessen og i planendring og detaljplanar.

Alternativet vil bety svært alvorlege konsekvensar for oss. Både eigarar av kraftverk og fallrettseigarar vil få store tap. Dette er dårleg distriktspolitikk og dårleg handsaming av folk som har bidrege til utbygging av ny, fornybar kraft. Dette ber vi regjeringa ta omsyn til i si vurdering av NOU 2019: 16 Skattlegging av vasskraftverk.

Oddbjørn Brunstad , dagleg leiar