Hjelmeland kommune viser til LVK si høyringsuttale til NOU 2019:16, og slutter seg til denne.
Kommunen går i mot kraftskatteutvalet sine forslag om å avvikle dei konsesjonsbaserte ordningane med konsesjonsavgift og konsesjonskraft, samt å endre eigedomsskatten. Hjelmeland er vertskap for store vasskraftutbyggingar både i Ulla-Førre/Blåsjøområdet og i tilknytning til Lyse sine vasskraftanlegg i Lysebotn, i tillegg til fleire mindre kraftverk. Som ein konsekvens av dette har kommunen tålt store inngrep i naturen med mellom anna regulering av fleire elver.
Den kompensasjonen som er gitt kommunen gjennom vasskraftkonsesjonane og moglegheita for å skrive ut eigedomsskatt er del av beslutningsgrunnlaget for kommunen sine samtykker til desse utbyggingane. Utan inntekter i form av konsesjonsavgifter, konsesjonskraft og eigedomsskatt er det lite truleg at kommunen ville vore positivt innstilt, då det er desse som gir kommunane ein del av verdiskapinga. Å fjerne desse ordningane i ettertid vil vera eit brot på den samfunnskontrakten som ligg til grunn for utbygginga.
Konsekvensane av ei gjennomføring av kraftskatteutvalet sine forslag er ei redusert inntekt for Hjelmeland kommune på om lag kr. 38 millionar. Dette er midlar som vert brukt til å gi innbyggarane gode kommunale tenester, i tillegg til å legge til rette for utvikling av mellom anna næringslivet og kulturlivet i kommunen. Delar av inntektene vert og overført Ryfylkefondet, som støtter tiltak innan særleg næringsliv og samferdsel i heile Ryfylkeregionen. Eit bortfall av inntektene vil difor ramme både kommunen sine eigne innbyggjarar og næringsliv, i tillegg til gode tiltak andre stader i regionen.
Kommunen meiner vidare at bortfallet av inntektene ikkje kan kompenserast gjennom andre ordningar, som overføringar eller auke i naturressursskatten. Dei ordningane som ligg til grunn no er varige og knytt til konsesjonar. Dei er forutsigbare, og vil til og med auke i verdi dersom verdien av naturressursane auker. Auke i overføringar eller i naturressursskatten vil vera gjenstand for endringar ved kvart nye statsbudsjett, og vil såleis ikkje vera eit insentiv for kommunane til å vera positive til meir utbygging.
Endeleg meiner kommunen at kraftskatteutvalet bommer grovt på mandatet sitt, som var å vurdere om dagens kraftverksskattlegging hindrer gjennomføring av samfunnsøkonomisk lønsomme energitiltak. Utvalet legg til grunn at konsesjonsavgifter og konsesjonskraft hindrer slik utvikling. Det utvalet ikkje nemner er at det aller meste av framtidige investeringar i vasskraftsektoren vil skje i form av opprustning- og utvidelsesprosjekter i eldre kraftverk. Det er svært få av desse prosjekta som utløyser ny konsesjonskraft og konsesjonsavgifter, desse slår først og fremst inn på nye overføringar av vatn eller nye, større reguleringar. Det fell då på sin eigen urimelegheit å føreslå å fjerne ordningane for å sikre vidare investeringar. Når utvalet i tillegg føreslår å skjerpe grunnrenteskatten, som kraftbransjen sjølv meiner hindrer gjennomføring av samfunnsøkonomiske energitiltak, viser det at utvalet ikkje har gjort oppgåva si godt nok.
Hjelmeland kommune meiner at løysinga ikkje er å avvikle konsesjonsordningane, eller å redusere moglegheita for eigedomsskatt, men å forbetre og forenkle dei ordningane me har i dag. Målet må vera å sikre at ein rettmessig del av dei verdiane som vert skapt gjennom vasskraftutbygging vert igjen i vertskommunane, som er dei som må tåle mest negative konsekvenser av utbyggingane. Kommunen ber difor om at kraftskatteutvalet si innstilling NOU 2019:16, vert lagt bort.