Dato: 11.03.2025 Svartype: Med merknad Eldrerådet og Råd for mennesker med nedsett funskjonsevne i Voss herad, vedtok i sitt møte 10.03.2025 å senda fylgjande høyringsinnspel : "Me har dei siste åra hatt ei stor endring av posttjenestene i Noreg. Frå postkontor til post i butikk – frå dagleg postlevering til annan kvar dag. Dette har gått seg til på eit vis. Men no kjem ein ny runde med nedbygging. Postlevering i postkasse skal ikkje lenger skje slik som i dag. Det skal opprettast «postpunkt», som kan samanliknast med «Post i butikk», men når brevet er kome til postpunktet, skal mottakaren få eit digitalt varsel om at dei har fått brev og informasjon om på kva postpunkt mottakaren kan henta brevet sitt. Det skal gå an å søkja om levering i postkassen ein dag for veka, men dette må ein sjølv syta for å få gjennomført. I Rapport fra utvalget for fremtidens posttjenester kap.4 peikar regjeringa sitt utval sjølve på grupper som ikkje får behalda rettane i fylgje postlova, dersom den nye ordninga kjem i gang. Postloven har som formål å sikre at brukere over hele landet skal få tilgang til et likeverdig tilbud av leveringspliktige tjenester til overkommelig pris. Utvalet har rådført seg med ei stor mengd relevante organisasjonar. Frå rapporten kan me mellom anna lesa at fleire organisasjonar meiner at mange, grunna redusert mobilitet, i praksis vil få eit dårlegare tilbod enn resten av befolkninga, uten postkasselevering. Her vert det peika på at: • mange sårbare grupper kjem til å få eit mykje dårlegare tilbod • 20% av folkesetnaden er personar med funksjonsnedsetting – 20% av dei over 67 år • det vert ei dobling av personar over 80 år innan 2050 • 600 000 kan per i dag ikkje nytta seg av digitaliseringa • demografien tilseier at dette talet vil auka sjølv om fleire vert digitale • om lag 60 % av folket er nøgde med digitale tenester – Kva med dei 40% andre? • at mange vil oppleva digitalt utanforskap Mange vil oppleva infrastruktur, manglande kompetanse, tryggleik og digital forvaltning som store utfordringar og vera til hinder for ytringsfridom og mangfald, noko som kan opplevast udemokratisk. Ein kan og leggja til at når me veit noko om korleis landet vårt og bygdene våre ser ut topografisk, vil det verta mange husstandar som ikkje får rettane sine oppfylgd ved denne endringa. Det er med undring me i Eldrerådet og Råd for MMNF i Voss herad ser at utvalet likevel tilrår endringane som kan føra til store konsekvensar for samfunnet, grupper av folket og einskilde husstandar, til dømes ved svekka totalberedskap og manglande kommunikasjon mellom helsesektoren og den einskilde. Er det på denne måten me skal få eit «Aldersvenleg Noreg» eller «Eit inkluderande samfunn»? Kanskje dette er ein del av «Bu trygt heime» reforma? Me tek oss den fridom å koma med spørsmålet! Utfordringar i framtida gjer at me må søkja nye og utradisjonelle arbeidsmåtar og oppgåveløysingar for å gje gode innbyggjartenester. Samarbeidsprosjektet mellom Posten og KS, Dørterskeltenesta , er eit godt døme på dette, Posten som bodbringar og kommunen som innhaldsprodusent. Slike samarbeidsformer må vidareførast og utviklast , ikkje byggast ned, særleg med tanke på “Bu trygt heima-reforma”. I utvalget for framtidas posttjenester, har eit mindretal ved representant Gerd Øiahals teke dissens til utvalet sitt framlegg og Eldrerådet og Råd for MMNF i Voss herad stør dissensen. Eldrerådet og Råd for MMNF i Voss herad ber om at prosjektet «Dørterskeltenesta» må vidareførast og utvidast til heile landet. Posttjenesta for framtida vedkjem i høg grad kommunar som Voss herad." Samferdselsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"