Dato: 12.03.2025 Svartype: Med merknad På bakgrunn av brev frå Eldrerådet vil kome med følgjande framlegg: Det skal vere postombering til alle i heile landet minst to gonger i veka . Det skal ikkje vere nødvendig å melde frå om at posten skal leverast i postkassa. Det kan ikkje vere hentepunkt, fordi store grupper vil få problem med å få posten sin. Det er mange stader med grisgrendt busetnad der det vil vere krevjande å nå hentepunkta. Det er dei med største digitale utfordingane dette vil gå ut over og føre til usikkerheit og utanforskap. Piloten «På terskelen» må innførast og vidareutviklast. Postordninga må sjåast i samanheng med andre samfunnsutfordringar som kjem fram St.meld.24: «Bu trygt heime». Meldinga skisserer korleis ein må legge til rette for at folk skal få omsorg- og helsetenester heime slik at dei skal kunne bu heime så lenge det er råd. Postutvalet si tilnærming med meir digitale løysingar, hentepunkt og krav om å melde frå om å få post i postkassen, er ekskluderande og står i kontrast til inkluderingstanken i St.meld. 24: «Bu trygt heime». Helsing Eldrerådet i Høyanger kommune, 12.03.2025 Samferdselsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"