Fylkesmannen i Møre og Romsdal meiner at det ikkje er behov for denne endringa i sosialtenestelova, fordi §§ 20 og 20a allereie i dag gir NAV kontoret heimel til å stille vilkår om auka norskkompetanse dersom aktuelt.
Vidare meiner vi at betre og meir behovsvurdert norskopplæring i introduksjonsprogrammet, auka individuell oppfølging av målgruppa av NAV kontoret og samarbeid mellom desse har større effekt enn ytterlegare sanksjonar. Manglande kompetanse i norsk er ofte ikkje den einaste utfordringa for at aktuell målgruppe skal komme i arbeid
Vi viser også til rapporten/undersøkinga «Gjennomgang av sosiale tjenester for langtidsmottakare av økonomisk sosialhjelp» som Arbeids- og velferdsdirektoratet har utført på oppdrag frå Arbeids- og sosialdepartementet. Denne viser etter vår meining at det ikkje er meir sanksjonar og kontroll som skal til for å få mottakarar av sosiale tenester til å bli sjølvhjelpt.
Det at sosialtenestelova er samfunnets siste sikringsnett og at det vil føre til meirarbeid for NAV kontora er og argument som talar mot lovendringa. Vidare kan innhenting av opplysningar i NIR framfor at søkjar dokumenterer sjølv svekke både tilliten og relasjonen til NAV veiledar. Departementet skriv sjølv i høyringsbrevet at ei alternativ til lovendringa kan være å styrke veiledninga til kommunane om det handlingsrommet dei allereie har etter gjeldande regelverk, dette støttar vi.