Dato: 24.02.2025 Svartype: Med merknad Øygarden eldreråd har slik høyringsuttale til postutvalet sin rapport: Eldrerådet ønskjer at dagens ordning med postlevering til postkassen vert vidareført. Eldrerådet er bekymra for at framlegget om å utlevere brevpost til bestemte postpunkt vil skape problem for mange, spesielt dei som ikkje kan bruke digitale løysingar eller har tilgang til transport. Eldrerådet er sterkt imot hovudlinjene i rapporten som kan setje velferdssamfunnet i revers. Sentralisert postutlevering vil krevje reise og skape store ulemper for mange, spesielt dei med funksjonsnedsettingar. Viss det vert endringar i postomberinga: Eldrerådet ber om at det vert vurdert ei prøveordning med postombering to dagar i veka, gjerne tysdag og fredag. Alternativt - Dørterskeltenesta har vore eit vellukka prosjekt som bidreg til å oppfylle intensjonane om å bu trygt heime. Eldrerådet tilrår at denne ordninga vert innført over heile landet med minst eitt besøk i veka. Samferdselsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"