🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring om lov om Eldreombudet

Bømlo kommune

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Høring – Lov om Eldreombudet.

Bømlo Eldreråd gjev si fulle støtte til at det blir fastsett ei eiga lov og eit eige Eldreombud.

Eldreombudet si hovedoppgåve er/skal fremje eldre sine interesser, rettigheter og behov.

Eldreombudet skal også engasjere seg i forhold som berører eldre sine interesser på alle samfunnsområder.

Bømlo Eldreråd trur at dette i framtida vil bli endå viktigare etter som dei eldre vil utgjera ein endå større del av Norge sine innbyggjarar.

Dei eldre er ikkje ei einsarta gruppe, og derfor er det ekstra viktig å vektleggje dette.

Eldreombudet skal vera eit uavhengig forvaltningsorgan. Viktig at det blir slik lova føreslår.

Eldrerådet i Bømlo støttar departementet i deira syn om at det vil vera ei fordel med eiga lov for/om Eldreombudet.

Dette for at Eldreombudet si rolle og oppgåver får ei breid og god forankring gjennom offentlige høyringsprosesser og behandling i Stortinget.