Dato: 14.03.2025 Svartype: Med merknad Kyrkjekultur Vest AS takkar for invitasjonen frå Kultur- og Likestillingsdepartementet om å kome med innspel til Forskrift om Regionale kulturfond. Kyrkjekultur Vest AS har som føremål å synleggjere og styrke den kyrkjelege kulturkompetansen i heile bispedømet, og utvikle kyrkja som kulturaktør og kulturarena. Kyrkjekultur Vest er per i dag eigd av Den norske kyrkja, Bjørgvin bispedøme og Bergen kyrkjelege fellesråd. Kyrkjekultur Vest har som formål å: - vere eit nettverk for kompetansedeling - vidareformidle kulturproduksjonar - etablere alliansar og samarbeid mellom kyrkje, kultur og samfunn - vere ein ressurs for større prosjekt i bispedømet - initiere tiltak for kulturfagleg kompetanseheving i møte mellom kunstnarar og sokn - leggje til rette for kyrkjelege kulturskoletilbod Kyrkjekultur Vest viser til høyringssvaret frå Den Norske kirke ved Kirkerådet og stiller seg bak dei momenta som er løfta fram der. Spesielt vil vi trekke fram merknaden til §3 Hvem som kan motta tilskudd : «Midler til konsert- og kulturarrangement inngår ikke i den offentlige støtten til Den norske kirke verken nasjonalt, regionalt eller lokalt. Vi er imidlertid gjort kjent med at sokn, som søker på fylkeskommunale kulturmidler, har blitt avvist som søker fordi soknet får vesentlig offentlig støtte. Dette strider imot forutsetningen som er lagt til grunn i St. prp. nr. 1 (2008-2009) Kultur- og 4 av 4 kirkedepartementet Budsjettår 2009 om at Den norske kirke må søke om kulturmidler til konserter og kulturarrangement innenfor de til enhver tid eksisterende ordninger for kulturlivet.» For Kyrkjekultur Vest, Sissel Vartdal, leiar Styremedlemmer: Biskop Ragnhild Jepsen, Ragnhild Gudbrandsen, Lise May Sæle, Karl Johan Kirkebø, Kjetil Almenning Kultur- og likestillingsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"