🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - utkast til forskrift om Regionale kulturfond

NOREGS MÅLLAG

Departement: Familiedepartementet
Dato: 17.03.2025 Svartype: Med merknad Høyringssvar frå Noregs Mållag til framlegg til forskrift om regionale kulturfond Noregs Mållag vil med dette gje innspel til forslaget om forskrift for regionale kulturfond. Vi er positive til at det blir etablert ei tilskotsordning som styrkjer lokalt og regionalt kulturliv, og vi meiner at dette kan vere med på å styrkje nynorsk kultur. Føremålet i språklova (§ 1) slår fast at det offentlege Noreg har eit særskilt ansvar for å styrkje nynorsk, som det minst brukte av dei to norske språka. Dette betyr at staten, fylkeskommunane og andre offentlege forvaltningsorgan må ta omsyn til nynorsk når dei forvaltar offentlege midlar. Dei regionale kulturfonda må derfor få ei form som sikrar at fonda er med på å løfte nynorsk språk. Vi oppmodar fylkeskommunane til å ta med seg dette ansvaret når dei skal fastsetje vilkår og dele ut midlar til tiltak. Noregs Mållag er kjent med at fleire av fylkeskommunane bruker mindre tid på oppfølging av ansvaret for nynorsk språk. Det er ikkje berre vest i Noreg kultur på nynorsk skal få spelerom. Lokalt og regionalt kulturliv på nynorsk kan ein finne i heile Noreg, når det blir lagt til rette for. Dette kan og bør dei regionale kulturfonda bidra til. Noregs Mållag oppmodar derfor departementet og fylkeskommunane til å sikre at nynorsk får ein tydeleg plass i utforminga og forvaltninga av ordninga. Kultur- og likestillingsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"