HØYRINGSUTTALE - HEMSEDAL KOMMUNE
Forslag til lov om integrering (integreringsloven) og forslag til endringer i lov om norsk statsborgerskap (statsborgerloven)
Vi er mest bekymra for nye lovpålagte oppgåver til fylkeskommunane. Lærarane skal ha nødvendig kompetanse utan at det vert lagt til rette for det. Endringa i introduksjonsprogrammet og norskopplæringa er omfattande og korleis det slår ut i til dømes mindre regionar og kommunar er uklart. Konsekvensane av ny statsborgarlov er eit alvorleg inngrep og kan gi oss demokratiske utfordringar i framtida. Dersom det økonomiske ansvaret til kommunane aukar utan kompensasjon kan det gi mindre vilje til å ta sosialt ansvar.
§4 Kommunen sine tenester
Kva for konkrete krav til forsvarlegheit snakkar vi om her?
Kan forslaget om informasjonsflyt internt og mellom kommunane og andre aktørar ha administrative konsekvensar som vi ikkje ser fullt ut. Er vi skodd for dette med system som tek vare på informasjonssikkerhet og personvern?
§5 Fylkeskommunen skal anbefale busetjing i kommunane.
Det er viktig at tildeling av busetjingar blir tilpassa lokale forhold. Den første kartlegginga må vera god.
§5 Fylkeskommunen skal veilede kommunane i arbeid med kvalifisering
Det er positivt, men er det tenkt på regionar med små kommunar og regionar der kompetansen også er manglande i fylkeskommunen?
§7, §11 Rett og plikt til kompetansekartlegging.
Vertskommunane skal kompetansekartlegge alle i målgruppa for intro-programmet før busetting.
God kartlegging er tid- og ressurskrevjande, og vi meiner det vil medføre meirkostnader for kommunane. Dette er det ikkje teke høgde for.
Det er viktig å ha eit karrieresenter som har kunnskap og kompetanse om denne gruppa. Fleirkulturell kompetanse er heilt avgjerande for å klare å forstå/møte/rettleie elevane på ein best mogleg måte. Når elevane kjem rett i karriererettleiing, er det heilt avgjerande å ha profesjonell tolketeneste tilgjengeleg.
Kva med overføringsflyktningane? Kva for verktøy har rettleiarane for å rettleie dei med ingen, eller liten skulegang?
§12 Fylkeskommunen plikt til karriererettleiing
I dag er det ikkje ein lovfesta rett til rådgiving i vaksenopplæringa. Forslaget går frå ikkje lovpålagt til lovpålagt. Alle skal no få karriererettleiing der formålet er informerte val om utdanning og arbeid, og at intro-programmet blir tilpassa den enkelte sitt behov.
Når elevane kjem til landet, kan dei ikkje språket, og kjenner ikkje moglegheitene og avgrensingane, når det gjeld val av utdanning og arbeid. Vi må ha tid til å bli kjent med elevane før vi kan rettleie dei på ein god måte. Særleg med tanke på at vi er mottakarland for en «svak» gruppe og deira møte med vårt samfunn. Med denne gruppa erfarer vi at ved å gi ein effektiv karriererettleiing når dei kjem til landet, blir det kanskje eit stort gap mellom deira ynskje og tankar om yrkesval. Dei treng meir tid. Vi har erfaring med at mange av dei som kjem som overføringsflykningar er analfabetar og har aldri levd i eit moderne, digitalisert samfunn? Er det verkeleg realistisk å fastsette mål for utdanning/arbeid etter 3 månader etter busetting? Vi erfarer ofte at å kartleggje kompetansen til elevar og rettleie til vidare utdanning/arbeid skjer i fleire omgangar etter kvart som ein lærer eleven å kjenne. Det kan og ta tid å skaffe dokumentasjon på deira utdanning og eventuelt arbeidserfaring.
Karriererettleiing må basere seg på lokale fylkeskommunale organ som til dømes Hallingdal karrieresenter. Er dette mogleg å gjennomføre?
§14 Differensiert programtid.
Bra med differensiering, men det er tidsmessig urealistiske mål. Nokre kan klare det på kortare tid enn no, men seks månader verkar urealistisk. Vi stiller spørsmål om det er eit realistisk mål at elevar som minimum har fullført vidaregåande skule, skal ha 3-6 månader programtid. På bakgrunn av erfaringar, er dette kanskje realistisk berre for svært få. Det er ikkje automatikk at ein høgt utdanna vil gå så raskt gjennom språkopplæringa. Det må vera rom for å revurdere og justere oppsette mål.
Det kan også føre til at kommunen også vurderer om meir norskopplæring er det som verkar for den enkelte eller om andre tiltak er betre. Kommunane må spisse meir norsk på eit høgare nivå. Språkopplæring på kveldstid kan bli nødvendig for dei som må tidleg ut i arbeid, på grunn av kort intro-tid.
Deltakarar under 25 år med sluttmål om fullført vidaregåande opplæring skal ha 3 månader til 3 (4) års programtid. Dei under 25 år skal først ha karriererettleiing, og få opplæringa si i regi av fylkeskommunen ved ei vidaregåande skule. Det er bra at dei unge får koma inn i eit ungt miljø på vidaregåande skule.
Kva med dei mellom 16 – 18 år? Vil dei under 18 år få berre eitt år med grunnskule-opplæring, då i Kombinasjonsklasse? Vil tilskot dekke utgiftene til eigne klassar i norsk med samfunnskunnskap på den enkelte skule?
Ungdom som kjem med lite eller ingen skulegang (analfabetar) korleis skal det løysast? Opplæring i norsk og samfunnskunnskap skal gjevast på vidaregåande skule. Vi er bekymra for at dei ikkje får nok norskopplæring. Det er viktig at midlar som følgjer den einskilde elev blir øyremerka og nytta til tilpassa norskopplæring.
Korleis kan fylkeskommunens behov for kompetanse til undervisning i andrespråksinnlæring dekkjast? Rekruttering av lærar med rett kompetanse vil ta tid.
Kva skjer i distrikta som har regionalt samarbeid for å kunne ha eit tilbod tilpassa den enkelte sin bakgrunn. Økonomien i dette kan rivast bort og øydeleggja for eit vidare godt tilbod når all språkopplæring for denne aldersgruppa skal gå føre seg på vidaregåande skule. Kva for økonomiske konsekvensar vil dette føre til?
§15 Nye lovpålagte emne i intro-programmet
Livsmeistring og foreldrerettleiing ser vi på som svært viktig og nødvendig, men bør det vera rom for differensiering? Vi ser at det kan få økonomisk og administrative konsekvensar at desse emna vert innført som obligatoriske emne.
§32 Endring i opplæring i norsk med samfunnskunnskap. Innføring av norskmål.
Kommunen sin plikt til å sørge for at deltakarane oppnår eit minimumsnivå av norskkunnskap. Det skal førast streng praksis når det gjeld å setje norskmålet til eit lågare nivå enn dei fire gruppene som vert gruppert innanfor.
Økonomisk er dette svært usikkert. Det kan mogleg vera råd å gjennomføre i store opplæringssenter i større kommunar, men der elevgrunnlaget er lågt ute i distrikta, fryktar vi at det økonomiske ansvaret vert ført over til kommunane. Kostnaden skal dekkast innanfor kommunen sin totale inntektsramme som vi ser vert strammare. Om teorien stemmer vil det kunne medføre at kommunar i distrikta revurderer busetjing, noko som er svært uheldig.
Det er også usikkert om endringa medfører at fleire deltakarar oppnår høgare norskkompetanse og får betre føresetnadar for tilknyting til arbeidslivet. Det bør vurderast fleire alternative tiltak som i større grad motiverer arbeidsgivar til å ta inn flyktningar i arbeidslivet. Arbeidslivet gir høve til interaksjon med norsktalande og språk vert utvikla i naturlege situasjonar.
§39 Kompetansekrav og kompetanseheving for lærarar
Det er positivt at det blir innført krav om pedagogisk og fagleg kompetanse for å undervise vaksne. Kan ein få tilsvarande ordning som Kompetanse for kvalitet ?
Eit krav om auka kompetanse bør også gjelde andre grupper hjå dei som har oppfølgingsansvar, som arbeider i fagfeltet, t.d. flyktningtenesta, Nav, karriererettleiarar og fylkeskommunen.
§§7,8 Statsborgarloven med forskrift
Forslag til endringer i statsborgerloven og statsborgerforskriften
Vi er delte i synet på språkkravet.
Nokon meiner det nye kravet er på sin plass og at det er eit krav ein må kunne stille om ein skal vera fullverdig medlem i det norske samfunnet. Det blir også halde fram at det ikkje nødvendigvis er eit pass og statsborgarstatus som gjer at du unngår «B-lag, men snarare manglande norskkunnskapar. Vidare vil argumentet om utanforskap på grunn av manglande statsborgarskap også gjelde i dag. Det vil alltid vera nokon som ikkje vil greie A2 munnleg eller Statsborgarprøva.
Kva må til for at målet om B1 munnleg kan nås? Det er ein føresetnad av at det blir gitt ein god og adekvat norskopplæring og med ein relevant praksis i et norsktalande miljø. Praksisplassane må kvalifiseras. Bedrifter som er aktuelle som praksisplasser, må nyttast til viktige øvingsarenaer for elevane og kommunen må vera ansvarleg for eit godt samarbeid mellom bedrift, NAV/flyktningteneste og opplæring. Kanskje må det ligge noko økonomi i dette til vertsbedriftane.
Kva skjer med dei som ikkje vil klare norskmålet ein krev for å kunne søke om statsborgarskap? Bør ei formell munnleg eksamen i norsk vera avgjerande?
Kvifor skal eit språkkrav vera eit krav for å få statsborgarskap? Det diskriminerer folk som aldri vil nå målet. Våre erfaringar tilseier at det vil vera nokon som ikkje vil nå målet om B1 munnleg, sjølv etter 7 år i Norge. Det er viktig å sjå dette i lys av kven vi ynskjer å tilby beskyttelse i landet vårt. Det er sårbare grupper.
Det er fare for at dette fører til et «A og B lag» i vårt samfunn. Ein stor del vil kanskje få store vanskar med å klare (aldri klare) B1 munnleg? Kva med alle rettane som følgjer av å være norsk statsborger? Kan det vera eit demokratisk problem?
Vi oppfattar kriteria i denne høyringa som krevjande, med tanke på at Noreg no tek imot overføringsflyktningar, som i stor grad er ei gruppe med ingen, eller liten skulebakgrunn. Elevane kjem til landet med ulike føresetnadar og ulik bakgrunn. Nokre få har fått høve til å ta utdanning i heimlandet, men dei fleste kjem med liten, eller ingen skulebakgrunn. Desse elevane skal i vaksen alder lære seg å lesa og skriva på eit anna språk enn morsmålet. Våre erfaringar er at desse elevane treng tid.