5.2 Rett og plikt til kompetansekartlegging før busetjing
Det er formålstenleg og positivt at opplæring i norsk språk, kultur og verdier framleis vert tildelt kommunane som ei hovud-oppgåve og ikkje driftsoperatørar i ulike mottak. Vi ser positivt på kompetansekartlegging, men understrekar at individuell plan ikkje må fastsetjast på eit så tidleg tidspunkt, sidan det så tidleg i fasen er store sjansar for at noko har blitt feil / mistyda. Det må og vere kvalifiserte kartleggarar!
6.9.2 Nye lovpålagde emner i Introduksjonsprogammet
Det er positivt at departementet foreslår livsmeistring og foreldreveiledningskurs i tillegg til norskopplærings- tiltak for vidareutdanning og arbeid. Dersom deltakarane skal få utbytte av dette bør ein vente til slutten av første eller begynnelsen av andre semester. Lærarane må kursast og departementet må bevilge meir pengar inn i systemet for at dette skal lukkast. Vi trur at dette vil gi store kostnadar på relativt få deltakarar, spesielt i små kommunar, sidan tolk er svært dyrt.
6.9.2.2 Integreringskontrakt
Vi stiller oss litt undrande til forslaget om kvifor ein treng ei integreringskontrakt i tillegg til IP? To kontrakter kan verke forvirrande for deltakaren. Kva dokument vil vere avgjerande for utviklinga av deltakaren? IP er eit enkeltvedtak, men det er vel ikkje integreringskontrakta? Kanskje det bør vere eit punkt i IP-planen som understrekar det forpliktande i opplæringa og måla til deltakaren utan å måtte lage endå eit papir i eit allereie stort skjemavelde? Vi stiller spørsmål ved om fleksibilitet vert vanskelegare enn før med ei slik kontrakt. «Endå meir å skrive under på som mange ikkje forstår». Kva konsekvensar får det ved eventuelle brot i integreringskontrakta ?
6.8 Nye reglar om differensiert programtid
Det er fornuftig at ein differensierer lengda på programmet, men vi meiner det er uforståeleg at det vert forventa at ein skal kunne læra seg norsk på 3-6 månader. Vidare er det eit heilt urealistisk mål med B1/B2 for dei som har fullført vgs frå heimlandet. Viser til forsking t.d. Jim Cummings som seier at det tek 1-3 år å lære norsk på ein basisnivå (dersom ein øver nok), og 5-7 år for å lære eit nytt språk på akademisk nivå. «Å ha fullført vgs» kan bety så mykje. All erfaring viser at ein del deltakarar med eksamen frå vgs. i heimlandet har hatt diskontinuitet i opplæringa av ulike grunnar. (krig, flukt, traumer, økonomi m.m.) I ein ny, norsk kontekst må ord, begrep og uttrykk lærast fra grunnen av. Det at dei i tillegg berre kan få intro i maks 6 mnd er også rart. Ein må først finne ut om opplæringa deira kan sidestillast med norsk vgs. Ein kan ikkje berre seie at alle som har fullført vgs frå heimlandet skal ha desse høge måla, på så kort tid.
Det bør gjevast større rom for å kunne gjere endringer i sluttmål. Planane må vere dynamiske. Vi må ha høve til å lage gode lokale løysingar.
Deltakarar som har minimum vgs. før oppstart må ha muligheit til å forlenge opplæringsperioden i inntil 2 år.
Vilkåret for at ein deltakar skal få utvida opplæring, må derfor fastsetjast ut frå den enkelte sitt behov. Introduksjonslova si gamle ordning med ei skjønnsmessig vurdering mellom kommune og deltakar bør vidareførast i den nye integreringslova. Gruppe 1 bør ha muligheit for å utvide introprogrammet i minimum 2 år.
Det bør behovsprøvast kor lang tid ein treng på norskkurs før vidare kvalifisering!

8.3 Innføring av norskmål
Vi er i utgangspunktet positive til at målet skal vere viktigare enn antal timar deltakarane skal ha. Men måla er ikkje realistiske i forhold til dei rammene som er gitt. Vi synest at krava som her vert føreslegne verkar for å vere svært høge og for mange vil det truleg ikkje vere mogeleg å nå dei. Kva konsekvensar vil dette gi for dei som ikkje klarer krava ? Vi meiner at det er positivt med ei 3 års grense for gratis opplæring, men vi stiller oss spørjande til dei høge målkrava.
8.9 Prøver i norsk og samfunnskunnskap
Forslaget om å redusere tal på prøvestader er bra for ein ser at frekvensen på antal deltakarar som skal opp til prøve rundt omkring er svært ulik. Og ein får derfor ikkje trent seg nok til sensor for munnlege prøver.
Samtidig vil det medføre kostnadar for deltakarane i forhold til fri frå jobb og reise. Vi tenkjer at samfunnskunnskap/statsborgarprøver, samt skriftleg del av norskprøvene bør kunne takast på den enkelte undervisningsstad. Viss det er bekymring rundt kvaliteten, bør ein fokusere på meir opplæring av sensorar.

8.4 Samfunnskunnskapsprøvene
Vi meiner at det ikkje bør setjast nokon frist for når deltakarane skal ta samfunnskunnskapsprøva. Ein ser at deltakarane treng tid på å bli kjent med det norske samfunnet, og vil då ha større utbyte av å ta prøva. Og ein får då mykje betre resultat.
Fritak
Ein kan få fritak «På grunn av særleg helsemessige eller andre tungtvegande grunnar eller personlege føresetnader som vedkomande ikkje rår over.» Vi saknar klare og rettferdige retningslinjer for korleis søknad om fritak skal vurderast. Det kan bli mange søknadar, og det vil vere stor fare for ulik behandling av søknadane når kva enkelt kommune skal behandle søknadane og gjere vurderingar. Dette er ganske viktig ettersom det kan vere godkjenning eller avslag på ein søknad som bestemmer om vedkomande skal få permanent opphald eller statsborgarskap for eksempel.
Generelt meiner vi at den nye Integreringslova tek for lite omsyn til «heile deltakaren» og at det er for lite fokus på arbeid med traumer m.m. Slik bildet er no når det gjeld flyktningar som kjem til Norge, så er dei fleste overføringsflyktningar og har med seg mykje baggasje som må bearbeidast før dei er i læringsmodus. Mange har lite eller ingen skulebakgrunn. Andre har gått på skule, men har hatt lange «pausar» pga. krig og flukt. Ein ser at ein må bruke mykje av den første tida etter at dei kjem til kommunen til å hjelpe dei å rydde i tankar, vise dei korleis ein skal lære å lære og i det heile teke hjelpe dei me då kome i ein læringsmodus.