🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring- Høring av endringer i postforskriften

Landslaget for lokalaviser, LLA

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Uttale frå Landslaget for lokalaviser til

Samferdselsdepartementet

Høyring – Endringer i postforskriften Deres ref, 19/1866-1

Landslaget for lokalaviser (LLA) er interesseorganisasjon for 112 lokalaviser landet rundt. LLA arbeider med rammevilkår, spørsmål knytt til ytringsfridom, til innsyn og pressestøtte og ikkje minst distribusjon.

Endringane i antall omdelingsdagar frå 1. juli 2020 har store konsekvensar for dei fleste lokalaviser og det er heilt avgjerande at dei kompenserande tiltaka fungerer godt.

Vi ventar at departementet i vurderinga av anboda vil prioritere kvalitet slik at alle avisene får ei fullverdig distribusjonsløysing som gjer at alle abonnentar får levert avisa alle dagar.

MBL og LLA har presentert ei felles løysing både i møte med departementet og skriftleg.

Forslaga til endringar i postforskriften har ikkje LLA merknader til.

Vi går ut frå at dette er nødvendige endringar med det som mål at avisene skal få best muleg distribusjonsløysingar, uavhengig av kven som står for distribusjonen.

Husnes/Oslo 15. november 2019

Landslaget for lokalaviser

Øystein Øygarden, styreleiar

Tomas Bruvik, generalsekretær

Kva gode distribusjonsløysingar står om:

Den største styrken til det norske samfunnet er at vi har høg sosial kapital som er avgjerande for tillit til samfunnsinstitusjonane, både offentlege og frivillige forvaltningsorgan, institusjonar og organisasjonar. Det gjer òg at vi har tillit til kvarandre som menneske. I sum er dette grunnlaget for tilliten til demokratiet. Alt dette står på spel gjennom mediepolitikken. Utan journalistikk som set kritisk søkelys på alle delar av samfunnet, og som er med på å skape eit gjennomsiktleg samfunn, blir den sosiale kapitalen tappa og tillitssamfunnet vil gradvis forvitra. Kostnaden ved det er urekneleg økonomisk og utåleleg for livskvaliteten.