🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - utkast til forskrift om Regionale kulturfond

Sogn og Fjordane Folkemusikklag

Departement: Familiedepartementet
Dato: 16.03.2025 Svartype: Med merknad Sogn og Fjordane Folkemusikklag; Høyringsuttale om forskrift til regionale kulturfond Sogn og Fjordane Folkemusikklag (SFFL) arbeider for folkemusikktradisjonane i Sogn og Fjordane, og har 20 medlemslag. SFFL står bak ei rekkje tiltak og arrangement på regionalt nivå. SFFL skipar til UngLåt, Folkedansespor og Smørbukk-kappleiken, samt ei rekkje folkemusikkrelaterte tiltak kvart år. SFFL arrangerer årleg Sogn og Fjordane-kappleiken og annankvart år Vestlandskappleiken i samarbeid med ein lokal arrangør. SFFL har eit mål og ser det som viktig at vi ivaretek kulturarva vår innan folkemusikk/dans, runddans og song. Dei aktivitetane som her er ramsa opp bidreg til inspirasjon og rekruttering inn i folkemusikkmiljøet. Sogn og Fjordane Folkemusikklag er positive til opprettinga av regionale kulturfond, og vonar ordninga vert godt nok finansiert, slik at den bidreg til auka kulturaktivitet og deltaking i kulturlivet, både i bygd og by. Vi støttar Vestland kulturvernnettverk sitt forslag om at omgrepet «kunst og kultur» vert utvida til «kunst, kultur og kulturarv» gjennom heile forskrifta og tilhøyrande dokument. Dette fordi SFFL har som mål å heile tida arbeide med å ta vare på kulturarven vår innanfor folkemusikk/dans, runddans og song. Vi ser derfor det som viktig at “kulturarv” blir ein del av omgrepet. Dette gjeld mellom anna § 1 i forskriftsutkastet og punkt 2 og 4.2 i høyringsnotatet. Kulturarven, både den materielle og immaterielle, er ein viktig og brei del av det norske kulturlivet. Vidare meiner vi det er avgjerande at tildelingar frå fondet som krev kunst- og kulturfagleg skjønn, blir fatta av personar med kompetanse innan kulturfeltet. Dette er i tråd med armlengdeprinsippet, slik det er omtalt i punkt 4.3 i høyringsnotatet. Det er ikkje foreslått krav om å opprette eige fordelingsutval, men vi meiner det bør kome tydelegare fram at fagkompetanse bør leggast til grunn i vurderingane. Ei slik forankring vil styrkje tilliten til ordninga og sikre kvalitet i tildelingane. All handsaming av midlar må ha kortast mogeleg veg frå hovedpott til søkjar, Vi støttar at det er sett ei øvre grense for administrasjonskostnadar på 5 %, jf. § 11 i forskrifta og omtalen i punkt 5 i høyringsnotatet. Samstundes ønskjer vi å understreke at låg administrasjonskostnad ikkje må gå utover behovet for fagleg vurdering og involvering frå kulturfeltet. Ordninga må forvaltast på ein måte som er effektiv og føremålstenleg, slik at mest mogleg av midlane går til kulturaktivitet, heilt ned til det lokale plan, og ikkje til administrasjon. Vi set òg pris på at formålet i § 1 inkluderer å bidra til gode lokalsamfunn, og vi vil løfte fram kor viktig det er at regionale kulturfond bidreg økonomisk til å halde oppe aktivitet, fellesskap og kulturarv i bygdene. SFFL ser det som viktig å støtte det frivillige kulturarbeidet lokalt. Vi foreslår difor å legge til “gode og LEVANDE lokalsamfunn i § 1 Formål. I punkt 4.4 står det “Departementet foreslår, etter en helhetsvurdering, at det ikke kan gis flerårige tilskudd fra ordningen“. SFFL vil poengtere at mange kulturtiltak i samarbeid med skule, lag og organisasjonar, nettopp har behov for forutsigbarheit og langsiktigheit for å kunne gjennomførast med ynskjeleg resultat. Tilskot over fleire år vil bidra til å forbetre planlegginga, evalueringa, rutinene, og profesjonaliteten i tiltaka. Nokre kulturaktivitetar tek tid å få implimentert hjå deltakarar, aktørar og ikkje minst det lokale miljøet. SFFL bidreg gjerne i forvaltninga av det regionale kunst, kultur og kulturarvfondet. Kultur- og likestillingsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"