Mange brukarar har store ressurskrevjande tenester organisert som BPA. Det kan vere høge kostnader på mange millioner til kvar enkelt bruakr. Dersom BPA vert rettighetsfesta utover 67 år, utan at ein innfører toppfinansiering også utover 67 år, vil det bli svært kostnadskrevjande for kommunane. Den demografiske utviklingen fører til at kommunane får store utfordringer med å klare å gje forsvarlege tenester til alle som vil trenge det. I tillegg er det ein sterk auke i yngre brukarar med store omsorgsbehov. Dersom denne rettighetsfestinga vert innført utan toppfinansiering utover 67 år vil det sterkt påverke tilbodet til desse gruppene. Levekårsutvalet i Flora kommune vil sterkt fraråde å utvide retten til BPA utover 67 år utan at også toppfinansieringsordningen vert utvida til å gjelde gruppa over 67 år