Dato: 24.10.2019 Svartype: Med merknad Høyringsuttale Utvidelse av rettighetsbestemmelsen om brukerstyrt personlig assistanse for bestemte personer over 67 år. Samla høyringsuttale frå kommunalsjefsnettverket i Sogn og Fjordane fylke. Lovendringsforslag: Endring foreslås i pasient- og brukerrettigheitslova §2-1 d gjennom eit nytt fjerde punktum i bestemmelsens første ledd. « Personer under 67 år med langvarig og stort behov for personlig assistanse etter helse- og omsorgstjenesteloven §3-2 første ledd nr.6 bokstav b har rett til å få slike tjenester organisert som brukerstyrt personlig assistanse.. Retten omfatter avlastningstiltak etter helse – og omsorgstjenesteloven §3-6 første ledd nr. 2 for personer med foreldreansvar for hjemmeboende barn under 18 år med nedsatt funksjonsevne Helsetjenester i avlastningstiltak omfattes ikke. Retten omfatter også personer over 67 år som før fylte 67 år har fått innvilget brukerstyrt personlig assistanse etter første punktum.» Uttale: Nettverket for kommunalsjefar i Sogn og Fjordane ser positivt på at regjeringa er oppteken av at våre brukarar skal behalde sine tilbod uavhengig av kva alder man har. Dette tenkjer vi er naudsynt då ein ikkje mister behov for oppfølging sjølv om ein fyller 67 år, og dette gjev moglegheit til å tilby desse tenestene i heim i staden for institusjon. Det våre kommunar opplev problematisk er at staten kjem med stadig meir styrande føringar i høve korleis ein skal tilby tenester ute i kommunane, utan at ressursane føl med. Økonomisk handlingsrom er naudsynt for at kommunane skal tilpasse ressursbruk slik at ein kan tilby gode tenester lokalt. Kommunane treng sitt handlingsrom i høve tildeling av tenester for å sikre at alle brukargrupper får dekka sine behov. Ressursane må nyttast for majoriteten, ikkje for dei få. For mindre kommunar vil berre ein slik brukar ta store delar av ressursane, noko som vil føre til dårlegare tilbod for andre grupper som ikkje har lovfesta rett. Vi ber difor om at dersom lovforslaget om utvida rettigheit til BPA vert innført, så må toppfinansiering av ressurskrevjande brukarar vidareførast også for denne gruppa. På vegne av: Helse- og omsorgsutvalet i Sogn og Fjordane V/Leiar Heidi Vederhus. Helse- og omsorgsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"