🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring – NVEs forslag til en nasjonal ramme for vindkraft på land

Amalie Havåg

Departement: Familiedepartementet
Dato: 29.08.2019 Ei vindkraftutbygging vil endre fjella for alltid med store veganlegg og vindturbinar. Det er vorte kjend at nærleik til slike industriområder vil påverke folkehelsa, fugle-og dyreliv, øydelegge natur og splitte befolkninga sosialt. Det fremmer verken bulyst, forretningsverksemd eller reiselivet i kommunen og regionen. I tillegg vil dette påverke boligprisar i nærleiken av vindturbinane. Fastbuande i nærleik til slike vindturbinar vil bli påvirka negativt i alt for stor grad. Det er ikkje verdt det, å øydelegge store og for mange veldig viktige naturområde for den grøne energien, når det er så mange andre tiltak som kan prøvast fyrst. Eit par eksempel på dette er å oppgradere eldre og allereide eksisterande vasskraftverk og tiltak for å redusere straumforbruk, t.d meir fokus på ENØK. Viser også til høyringssvar frå Hareid kommune. Det vart oppretta underskriftskampanje av underteikna, og 366 av minimum 102 underskrifter blei sanka inn i løpet av knappe to døgn. Dette viser at motstanden er stor i kommuna, og i regionen generelt når ein ser alle underskriftskampanjene som har vore også i nabokommunene. Med dette vil eg få sagt at det er heilt totalt uaktuelt med vindturbinar i mitt nærområde. Energidepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"