🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - forslag til forskrift om kompensasjon etter avvikling av hold av pelsdy...

Atle-Roger Evebø

Departement: Matdepartementet 1 seksjoner
Som tredje generasjon pelsdyroppdrettar synest eg det er svært betenkjeleg at staten kan legge ned ei heil næring, utan på nokon måte å prøve å gjære opp for seg. At ein vel å bruke bokført verdi som mal for erstatnig synest eg er svært urimeleg.

Dei siste tjue åra har eg brukt all mi tid også fritid og pengar på å oppgradere pelsdyrgarden, for å tilfredstille nye krav til burstørrelse og innreiing frå det offentlege. Dette har blitt gjort ved hjelp av egeninnsats og en ansatt. Dette vert ført som vedlikehold og som lønnsutgifter i rekneskapen, og kjem derfor ikkje fram i dei bokføte verdiane. I tilleg skal ein nedskrive verdiane med 7% pr år og gjere det heile enda meir urimelig.

Tispe tillegget som skulle vere med på og utjamne forskjeller, utjamner ingen ting, tvert imot. Tillegg på antall bur hadde vore ei betre løysing. Det har vore nok usikkerhet i denne saka, om ein då ikkje i tillegg må avslutte drifta før det kan søkjast om kompensasjon. Ein må kunne forlange litt forutsigbarhet slik att ein veit kva ein går til den dagen det er slutt.

Når det gjeld nedriving og opprydding skal ein innhente tilbud, men kunne gjere jobben sjølv. Då må det være etter den pris som er gitt, og ikkje den timepris som er fastsett i høyringsnotatet. Dersom forskrifta vert ståande slik den står i dag vil eg sitje att med ei betydelig restgjeld. Dette vil medføre att det vert umulig å få til noko omstilling.

For å betjene restgjeld må eg sansyligvis selge bolighuset mitt. Eg vil då i ein alder av 60 år stå att med 2 tomme hender uten mulighet til omstilling og uten rettigheter hos NAV.

Det einaste rette i denne saka vil være å yte full erstatnig for faktiske verdiar noko anna vil være å ansjå som eit offentleg ran.

Tredje generasjon pelsdyroppdretter