🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - forslag til forskrift om kompensasjon etter avvikling av hold av pelsdy...

Bjerga Mink AS

Departement: Matdepartementet 1 seksjoner
Eg og kona driv i dag ein tradisjonell husdyrgard i eit enkelmannsføretak og ein pelsdyrgard med mink som er organisert i eit aksjeselskap.

Når me stifta Bjerga Mink AS, var det fordi me ynskte å skapa vår eigen arbeidsplass her i distrikts Norge.

Me og mange andre av sambygdingane våre er unge småborns foreldre og bønder. Det kjennest så meiningslaust og bruke tida på å sloss mot «ei kjempe» som vil ta knekken på oss! Me ville så mykje heller bruke tida på å byggja opp og skapa verdiar. Finns det ein plass me kan søkje om nytt pågangsmot og kompensasjon for det tapte? Pågangsmot kan faktisk ikkje erstattast for pengar!!

«Kjempa» er også kjent som «den Norske stat», der Regjeringa hjelper til så godt som dei kan med å ta knekken på oss pelsdyrbønder og familiane våre.

Me er trøtte av denne kampen. Me er trøtte av festtalar i frå fleire politikarar, byråkratar og Landbruksministrar, tre i talet. Talane handlar om kor raus og god kompensasjonen til pelsdyrbøndene skal bli, og at ingen skal lyte lida. Sanninga er, at forslaget til kompensasjon, er eit einaste stort svik! Økonomien til mange familiar som driv med pelsdyr kjem til å gå over ende.

Når tunge og håplause tankar kjem, må me tvinge oss sjølv til å leite fram ennå litt meir krefter. Krefter til å kjempe imot denne «kjempa». Me som unge bønder har ennå tru på det norske demokratiet og den norske politiske modellen, som det heiter på fint. Me trur ennå at me i framtida skal kunne få ei norsk Regjering som følgjer opp det som eit klokt Storting vedtek.

Vår oppmoding til Regjeringa blir difor: Følg opp vedtaket frå Stortinget og gi oss pelsdyrbønder ein skikkelige erstatning. Ta ansvar for det tullet dykk har stelt i stand og betal rekninga. Ein rekning der taksten av alle pelsdyrgardane i Noreg ligg til grunn. Slutt med tullet om kompensasjon etter bokført verdi, og den prosentvise avkortinga pr. år. Alle med litt økonomi kunnskap forstår at det er riv ruskande gale.

Kva med alle dei andre som er knytt til norsk pelsdyrproduksjon? Tenkjer då spesielt på bedriftene som produserer- og transporterer fôret vårt. Dei bedriftene som tek seg av pelsing og foredling av skinna våre. Kva skal dei få? Eg kjenner det knyter seg i neven.

For vår del er tala tindrande klare. Me har ein prisvurdering / takst av minkgarden vår. Den er på 7,8 millionar norske kroner. Kompensasjonen frå staten, slik som forslaget er i dag, vil bli på 3,3 millionar norske kroner.

Det som blir kalla ein raus kompensasjon, vil seia at den norske stat frå røvar oss verdiar for 4,5 millionar norske kroner, utan at me har gjort noko gale.

Det me har gjort er å skapa vår eigen arbeidsplass. Der me utnyttar slakteavfall til å lage eit berekraftig, miljøvenleg produkt som me eksporterer til det store utlandet og dette nesten utan subsidier.