Høringsuttale om kompensasjon for å slutte med pelsddyr frå Bjørg og Atle Hauge.
Kona og eg driver ein liten gard i Hjelmeland. Etter at me starta med mink, i 2005, har me begge arbeida fulltid på garden.
Etter Jeløyaerklæringa mista me mulighetene til å fortsetja med pelsdyr og valgte å slutta ved pelsing 2018.
Me hadde då muligheten til å starta med fruktdyrking og har satsa på det.
Dette er og ein forholdsvis stor investering, men me vil fortsatt væra bønder og satsa difor videre.
Pelsdyranlegget vårt var i framifrå stand og hadde ein verdi som om det var nytt. Me har heile tida oppdatert og forbetra anlegget, dette har blitt avskrive fortløpande og kjem difor ikkje med i «bokført verdi». Når det gjeld livdyra satsa me heile tida på kvalitet, det er stor skilnad på verdien på livdyra hjå dei ulike oppdrettarane, vil der bli tatt omsyn til det i kompensasjonen??
Etter ein del gode år i næringa hadde me betalt ned heile anlegget og rekna med at dette var «pensjonen vår». Difor synest me det er urimeleg at me berre skal få «bokført verdi».
Me har mulighet til å selja bur og utstyr, men det blir berre til ein pris som dekkjer reingjering og opplessing. Me har ein kjøpar, men får ikkje seldt så lenge ingenting er avklara med kompensasjon (vågar ikkje selja før me har hatt besøk frå fylkesmannen). Svært frustrerande, sidan me vil nytta huset til fruktsatsinga vår. ME TRENG EI RASK AVKLARING!!
Dokke har sagt at me skal få induviduell behandling, vil det gjelda alt? Kompensasjon, omstilling og riving / ombygging? Me er over 60 år, men vil jobbe så lenge me kan. Me vil og at det skal kunne gå an å leva godt av gardsdrifta, også for dei som skal ta over etter oss. Men kan me risikera at dokke kun gir oss førtidspensjon??
Me har valg å sjå framover og satse videre, håpar difor dokke kan gi ei rettferdig behandling av næringa. Slik me har det no misser me berre arbeidslyst og framtidstru!