Høyringsuttale – forslag til forskrift om kompensasjon etter avvikling av hald av pelsdyr mv.
Etnedal kommune vil uttale fylgjande:
Prinsippet med erstatning etter bokført verdi vil gje svært låg erstatning for mange brukarar. Bygningar er ofte raskast mogleg nedskrivne, og er gjerne oppført med vesentleg eigeninnsats, som gjerne ikkje er balanseført.
Bygningar og utstyr må kompenserast fullt ut etter takst, basert på kostnader i dag med oppføring av tilsvarande bygg, med frådrag for eventuell slitasje. Marknadstakst er gjerne ikkje relevant. Bygningar er, spesielt ute i distrikta, lite eigna til anna produksjon, då dei kan vere konstruert med mykje berande søyler og slik vere vanskelege å tilpasse til til dømes storfehald. Spesialutstyr til pelsdyrproduksjon vil ha liten marknadsverdi i Noreg når pelsdyrhald skal avviklast. Eksport til låge prisar er kan hende mest aktuelle omsetningskanal.
Aktuell kompensasjon etter forslaget vil i mange tilfelle ikkje utgjere stort meir enn eitt års omsetning, og vil slik bidra minimalt til omstilling og tapserstatning.
Opparbeidd gjeld må i tillegg kompenserast fullt ut. Omlegging til annan produksjon vil krevje mykje finansiering i seg sjølv, og kan ikkje leggast opp til å dekke noko tap og gjeldshandtering frå avvikla produksjon.