🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - forslag til forskrift om kompensasjon etter avvikling av hold av pelsdy...

Finn Årdal

Departement: Matdepartementet 2 seksjoner
Høringsvar frå Finn Årdal

Kommentar til punkt 2. Grunnvilkår for rett til avviklingsperiode og kompensasjon

Underteikna og Statens Vegvesen inngjekk i 2016 avtale om at eg ikkje kunne drive med pelsdyr under deler av anleggsperioden ved utbygginga av ny E39 frå Bjørset til Skei. Dette på grunn av at anleggsarbeidet gjekk føre seg kun få meter frå pelsdyrfarmen og ville bli ei stor negativ belastning på dyra. For dette vart det inngått avtale om erstatning for driftsavbrudd i perioden.

Pelsdyrhaldet på garden vart difor midlertidig avvikla heilt i slutten av 2017 etter å ha vore i samanhengande drift i over 80 år. Vi kunne difor ikkje ha pelsdyr den 15 januar 2018.

I forslag til forskrift er ikkje eit slikt tilfelle teke med blant dei som skal komme inn under ordningane med rett til avviklingsperiode og kompensasjon. Dette må vere direkte urimeleg og er forhåpentlegvis fordi departementet ikkje er klar over at slike tilfelle eksisterer. Eg og eventuelle andre i same situasjon hadde ikkje nokon moglegheit for å ha dyr på garden 15 januar 2018.