🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - forslag til forskrift om kompensasjon etter avvikling av hold av pelsdy...

Haugen Pelsdyrgard

Departement: Matdepartementet 1 seksjoner

Høyringssvar frå Olav Haugen

Det er med stor undring eg les forslag til kompensasjon til oss som driv med pelsdyr. Ein skulle tru me ikkje var til, slik er det ikkje. Det er over to hundre familiar i Norge som driv med pelsdyr.

Det er heilt tydeleg at dei som har utarbeidd dette, ikkje har sett seg inn i problematikken for oss oppdrettarar.

Eg vil fortelje mi historie:

Då eg var 19 år (er no 43år) og hadde avtjent verneplikta. Då starta eg med nokre få pelsdyr. Eg har gradvis utvida produksjonen, til å bli ein middels stor farm. Alt eg har tjent har eg lagt inn i drifta, med utstyr og nye dyr. Eg har brukt all mi arbeidstid, og fritid på dette. Eg bestemde meg for å drive med dette, i fred og ro, utan å være avhengig av andre. Eg var min eigen sjef. På grunn av dette har eg ikkje tatt utdanning, og står difor no på bar bakke. Eg har ingen jobb, heller ikkje tilgang på jobb innanfor nærområdet. Eg har gjeld på farmen som skal betalast. Kven betalar den? Gjeld på heim og bil, som er knytt opp mot inntekta mi frå pelsdyra skal betalast. Kven betalar den? Minkfarmen på 14daa sandgrunn, ligg i ei flaumsone som er regulert til landbruk. Kva kan eg gjere med det?

Dette er eit ansvar stortinget har tatt på seg, då dei innførde lov om forbud mot pelsdyrhald.

Det forslaget som regjeringa har ute på høyring er eit skamlaust tilbod. Dette vil være øydeleggande for alle partar. No må regjeringa ta ansvaret innover seg å sjå konsekvensane.

Det store sviket skjedde i åra 2017-2018. Etter fire års utredning fekk næringa beskjed om at me skulle få fortsette med oppdrett. Ganske nøyaktig eit år etter vart me gjevne vekk i "morgongåve" til Venstre på Jeløya. For menigmann i Norge er det vanleg å gjera opp for gåver ein gjer vekk. I løpet av det året vart det bestemt at eg skulle auke opp så mykje med mink, at eg kunne ha ein fast ansatt. Eg skulle overta farsgarden i Valdres med pelsdyrfarmen som er der. Dette er ikkje lenger aktuellt, då de har fjerna grunnlaget for lønnsemda på gardane.

Når de no har gått så langt at de legg ned livsverket mitt, så får de sjå til å erstatte det skikkeleg.