Her på garden har det vore dreve med pelsyr sidan 1942 , det har vore både mink og rev. Eg er 3 genrasjon som driv med pelsdyr og det har vore store påkostningar dei siste 15-20 åra. Alt av bur har blitt skifta .Eldre hus har blitt renovert og nye hus har blitt bygd. Har i dag 2350 minkbur og og 350 revebur . Har plass til ca 6900 mink og 350 rev. Sidan det ikkje har vore rev sidan 2016 kjem ikkje revehusa under kompensasjon for riving , skal dei berre stå ? Investeringane har vore gjort gjennom overskot og eigen arbeidsinnsats. Alt av nye hus og bur har vore satt opp gjennom eigeninnsats. Dette vert ikkje tatt med i bokførte verdiar. Lignande farmar har ein takst på mellom 6-9 millionar. Har bokførte verdiar på ca 1 million kr i 2017. Det vil seie eit urimeleg tap .
Driv og melkeproduksjon som tillegsnæring , men utan pelsdyra får eg ikkje nok inntekt til å forsørge familen på fire. Overproduksjon og usikkerheit til melke produksjon gjer det vanskeleg å omstille seg . Å starte noko nytt er og vanskeleg etter det media og staten har gjort med pelsdyroppdrettarane. Alternativt må eg og famileien flytte frå bygda for å finne jobb. Den dårlege kompensasjonen som er forespeila gjev heller ikkje nokon ny giv.