🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - forslag til forskrift om kompensasjon etter avvikling av hold av pelsdy...

Johan Magnus og Mathilde Marvik

Departement: Matdepartementet 1 seksjoner
Johan Magnus og Mathilde Marvik

Landbruks- og matdepartementet

Uttale til høyring om forslag til forskrift om kompensasjon etter avvikling av hold av pelsdyr mv.

Me viser til utsendt høyring frå Landbruks- og matdepartementet 28. juni 2019 om «forslag til forskrift om kompensasjon etter avvikling av hold av pelsdyr mv.»

Innleiing med beskriving av vår bakgrunn og pelsdyrgard

Me er eit gift par på 28 og 26 år med to barn på 7 mnd og 3 år. Johan Magnus er frå gard med stort ønske om å bli heiltidsbonde. Han er ikkje odelsgut, me måtte derfor finne eit gardsbruk på det den opne marknaden.

I 2012 kjøpte me eit gardsbruk i nabokommunen med tanke på minkproduksjon. Me ville byrje med mink pga. eigen interesse og lågare krav til kapital enn om me skulle dyrka/kjøpe jord til auka grasproduksjon. Garden var på totalt 480 mål, derav 27 mål fulldyrka jord. På dette tidspunktet var me 19 og 21 år, Mathilde var student og Johan Magnus arbeidet i 100% stilling utanom garden.

Produksjonen er bygd opp over tid, og me har i dag ein produksjon med i overkant av 500 minktisper og 70 sauer. Pelsdyrgarden er bygd opp med enorm eigeninnsats og mykje brukt utstyr og inventar. Anlegget er konstruert for 650 avlstisper. Planen før Jeløya var å byggja ut til 1000 tisper og med dette nå målet som var at Johan Magnus skulle vara bonde på heiltid.

Å ta utgangspunkt i bokført verdi når utrekning av kompensasjon skal gjerast vil vara urettferdig ovanfor oss og mange andre pelsdyrbønder fordi eigeninnsats då ikkje blir kompensert for.

Om me skulle bli kompensert for den bokførte verdien på pelsdyrgarden vår på 1,3 millioner, ville me ikkje ha noko igjen for alle arbeidstimane dei siste 7 åra. Me vil ikkje vara komne noko lengre økonomisk enn om me ikkje hadde drevet med pelsdyr og 7 år med innsats vil vara heilt forgjeves.

I forslaget til forskrifta er punktet omstillingsmidler uklart og ingen av pelsdyrbøndene veit kva dette vil sei for den enkelte farm. Om det skulle vore rettferdig måtte staten betalt for å bygge opp ein ny produksjon med den same gjennomsnittlege forventa inntekta pelsdyrproduksjonen skulle gi (f.eks. gjennomsnittsinntekt på mink siste 10-15 år) utan at gjeldsbelastninga aukast.

Ifølge driftsplanen som blei laga i forbindelse med bygging av den siste driftsbygninga, skulle full produksjon med 650 minktisper gi eit gjennomsnittleg dekningsbidrag på 428 350 kr. For å bruka sau som eksempel: Ifølge Pressemelding 2016 frå Tveit Regnskap er gjennomsnittleg dekningsbidrag per sau 2329 kr.

Forventa dekningsbidrag på pelsproduksjon på 428 350 kr delt på gjennomsnittleg dekningsbidrag per sau på 2329 kr = 184 sauer. Det vil sei at staten må betala for driftsopplegget til for eksempel 184 sauer for å erstatta inntekta minken skulle gitt.

Kostnaden med dyrking, bearbeiding av kulturbeite, gjerder, driftsbygning og avlsdyr blir betydeleg høgare enn det som er forespeilt i forslaget til kompensasjon frå staten. Desse kostnadane er noko staten må dekkje 100 prosent.

Forslaget til tispetillegg som føreligg er for dårleg, summen kvar pelsdyrbonde får vil vara meir og mindre symbolsk. Bøndene har dei siste åra levd i uviss, både før og etter avgjersla om nedlegging. Pelsdyrbøndene har blitt fråtatt næringsgrunnlaget og blitt utsett for stor psykisk påkjenning.

Skal ein kompenserast for nedlegging må staten gjera individuell vurdering av kvar enkelt gard. Bøndene må få ein produksjon på garden som blir tilsvarande inntektsgivande som pelsproduksjonen har vore eller var forventa å bli. Staten må ta rekninga for dette.

Staten må dekkje og ta rekninga for at bøndene får ein produksjon som blir like inntektsgivande som pelsproduksjonen har vore historisk sett.