Senterpartiet på Jæren (Hå, Time og Klepp) er djupt uroa over regjeringa si nedlegging av pelsdyrnæringa og måten dette blir gjort på.
For det fyrste vil me slå fast at me er sterkt imot eit næringsforbod. Me meiner dette strir både mot næringsfridom og privat eigedomsrett.
Høyringa her gjeld kompensasjonsordninga. Senterpartiet på Jæren meiner ein må legga til grunn full økonomisk erstatning for alle som er råka av forbodet. Det vil seie at ein må vrake tanken om å nytte bokførte verdiar som grunnlag for kompensasjonen. Me meiner det må leggjast til grunn erstatning- og oreigningsrettslege prinsipp for berekning av kompensasjon/erstatning.
Me viser til at ein har funnet det naudsynt på Jæren å ha ha ein lokal beredskap for å ta hånd om bøndene og deira familiar som er råka av nedlegginga. Det er ei erkjenning av at framlegget om kompensasjon ikkje er godt nok. Mange vil sitja att med høg gjeld og tape oppbygde verdiar.
Me er uroa for både bøndene og deira familiar som er utsette for dette. Mange familier på Jæren har særs tunge dager no og fryktar for framtida.
Senterpartiet er uroa for at Landbruks- og matministeren ikkje har forstått alvoret i saka. Fleire av hennar uttaler til media kan tyde på det.
Me vil difor anmode om at høyringa vert trekt og at det vert sendt ut eit nytt framlegg som dekker tapet til dei som er råka. Det må også gjerast vedtak om at det å halda fram produksjonen til neste år ikkje får negativ innverknad på kompensasjonen som vert gitt.