Dato: 23.09.2019 Svartype: Med merknad Høyringsfråsegn frå HVL Generell merknad: Ekspertutvalget for etter- og videreutdanning har gjort eit grundig arbeid. HVL er positive til forslaget om å utvikla ein kompetansemodell der me lærer heile livet – men jobbar undervegs . HVL støttar i hovudsak framstillinga og forslag til tiltak, med nokre unntak og reservasjonar. Det er svært positivt at NOU-en er tydeleg på kor viktig det er at UH samarbeider med arbeidslivet om å utvikla tilbud som kvalifiserer fleire til å møta utfordringar i dagens og fremtidas arbeidsliv. Me opplever at dette også samsvarer med dei signala me får i møte med samarbeidspartnarar og studentar, der stadig fleire etterspør relevante, fleksible utdanningstilbud som kan kombinerast med jobb. Når det gjeld begrepsbruk, kan det vera positivt å erstatta etter- og videreutdanning med utdanning og ikkje formell utdanning/opplæring. Men rapporten tek i liten grad omsyn til at me har fleire typar vidareutdanning. Me rapporterer mellom anna til DBH på om vidareutdanningar har krav til høgare utdanning eller ikkje. Nokre utdanningar gjev studiepoeng, andre ikkje. Det kan sjå ut som det er tatt lite høgd for desse skilnadane i forslaga til tiltak. Det trengs heilskapleg gjennomgang av rammevilkåra for læring heile livet, og spesielt det som gjeld finansiering. HVL vil presisera at ein ikkje må rokka ved gratisprinsippet når det gjeld utdanning, men at innhaldet i dokumentet primært er retta mot vaksne som treng kompetanseheving i tråd med krava i arbeidslivet. Ei påminning: Mange UH (og dei som jobbar der) er allereie hardt pressa som følgje av fusjonsarbeid og etablering av nye, store organisasjonar. Forslaga som ligg i denne rapporten vil kunne innebera nytt behov for større organisatoriske, strukturelle og kulturelle endringar. Slike prosessar er tid- og ressurskrevende. Me håpar at tiltakene som blir vedtatt, blir tilført midlar og innført gradvis slik at me får høve til å byggja kompetanse og kapasitet til å kunne støtta opp under arbeidet på ein god måte. Ei kort oppsummering av fråsegna er at HVL i hovudsak støttar tiltaka som er presentert i høyringsnotatet, med unntak av tiltak 14 og 15 der me er meir kritiske. For fleire av tiltaka er det knytt nokre vilkår til støtta, og dette er utdjupa under kvart tiltak. Tiltak 1-4: Tiltak som anbefales testet ut i mindre skala 1. Utvidet rett til videregående opplæring Utvalget ønsker å legge til rette for at det gis rett til å ta (nytt) fagbrev, altså til å ta yrkesfaglig videregående opplæring for personer som fra før har fullført videregående opplæring. Retten skal også gjelde for de som har oppnådd generell studiekompetanse, men som ønsker å ta yrkesfaglig opplæring og avlegge fagprøve. 2. Tilleggslån i Lånekassen Utvalget foreslår å innføre et tilleggslån, for personer over 30 år, utover den vanlige studiestøtten på maksimalt 80 000 kroner i året. Det gjør at studiestøtten kommer over nivået til minimumsytelsene for arbeidsavklaringspenger på 2 G (193 776 kroner). 3. Prøveordning med tilskudd til studieavgift og livsopphold under utdanning og opplæring Utvalget foreslår en prøveordning med tilskudd til studieavgift og livsopphold under utdanning og opplæring. Utvalget ønsker å innrette dette tiltaket som en utprøving med mål om å få ny kunnskap om i hvilken grad kostnader er en barriere for deltakelse og hva slags nytte arbeidsgivere og arbeidstakere kan få fra deltakelsen. 4. Dagpengemottakere med utdatert fagbrev som trenger ny videregående opplæring Utvalget foreslår å utvide retten til å ta dagpenger for arbeidsledige som allerede har gjennomført og bestått videregående skole. Utvidelsen legger opp til å følge rammene foreslått av Livsoppholdutvalget (NOU 2018:13 Voksne i grunnskole og videregående opplæring) for gruppen som ikke har videregående skole fra før. HVL støttar utprøving av desse tiltaka. Tiltak som anbefales iverksatt umiddelbart 5. Program for arbeidslivsdrevet kompetansebygging Utvalget foreslår å opprette et program for arbeidslivsdrevet kompetansebygging der etterspørrere og tilbydere kan søke om midler til ulike prosjekttyper for å utvikle nye fleksible utdannings- og opplæringstilbud. Dette kan være både forprosjekter, utvikling av konkrete tilbud og drift av tilbud. HVL trur dette programmet vil stimulera til auka aktivitet innan livslang læring, og bidra til utvikling av meir treffsikre tilbod. Fase to og tre kan bli ein god areana for samhandling mellom arbeidslivet og UH-sektoren. Det kan gjera samarbeidet meir føreseieleg og gje UH-sektoren rom for å setja av ressursar til denne aktiviteten. HVL vil samstundes understreka at det ikkje må bli eit tungt byråkratisk system der mykje ressursar går til administrasjon i staden for til arbeidslivsretta kompetansebygging. Dette er viktig både for oss som utdanningsinstitusjon og for at SMB med liten administrasjon skal kunna søkja. Målgruppa for tiltaket er litt uklårt omtalt. I kapittel 9 innleiing og kap. 9.3.1 kan det sjå ut som tiltaket berre er retta inn mot privat sektor, medan det i kap. 9.3.6 er tydeleg at programmet er innretta både mot etterspørjarar i privat sektor (SMB) og verksemder i offentleg sektor. Der er det foreslått at 30 prosent skal vera retta mot privat sektor og 70 prosent mot offentleg sektor. Me tolkar det slik at etterspørjarane samarbeider med den/dei same tilbydaren/-ane gjennom utviklingsfasen og driftsfasen. Når offentlege verksemder kan vera etterspørjarar, stiller me spørsmål om det er gjort vurderingar om korleis overgangen mellom utviklings- og driftsfasen skal handterast med tanke på Lov om offentlige anskaffelser. Deltakaravgifta skal utgjera 30 prosent av den totale kostnaden, og utdanninga inneber såleis eit innkjøp for verksemda. Det står i forslaget at det kan vera eigenfinansiering i utviklingsfasen. Det er liten tradisjon for eigenfinansiering av utdanning i UH-sektoren, og berre ein mindre del av aktiviteten kan drivast med forteneste, så dette kan bli ei utfordring (sjå òg punkt nedanfor). I driftsfasen er det tenkt at tilskotet skal reknast per deltakar som gjennomfører utdanninga. Det kan vera mange årsaker til at deltakarar sluttar på ei utdanning, og mange av årsakene er utanfor utdanningstilbydaren sin kontroll. Me stiller difor spørsmål ved korleis tilbydar skal få dekka kostnadane for dei deltakarane som ikkje gjennomfører utdanninga. I forslaget står det at formell utdanning skal kostnadsreknast utan forteneste, medan ikkje-formell utdanning skal reknast med minst fem prosent forteneste. På ikkje-formelle utdanningar har andre aktørar fortrinn samanlikna med UH-sektoren sidan UH-sektoren legg vekt på aktivitet som gjev utteljing i eit akademisk meritteringssystem. Dersom ein legg opp til eigeninnsats frå UH-institusjonen, kan ein ikkje samstundes ta vekk høvet til forteneste. Det er foreslått at programmet delvis skal finansierast av basisløyvingane til UH-sektoren. Dette er HVL negative til. Løyvingane til UH-sektoren er allereie stramme i dag, og løyvingane dekkjer knapt dagens aktivitetsnivå. Allereie i dag har HVL omfattande utdanningsaktivitet retta inn mot vaksn, ikkje minst gjennom deltids- og desentraliserte utdanningar. Dette er den same målgruppa som NOU 2019: 12 rettar seg mot. Dersom ein kuttar i basisløyvingane til UH-sektoren, er det fare for at HVL må kutta i slike utdanningstilbod, som nettopp er utvikla i samarbeid med arbeidslivet. Dersom ein ynskjer at UH-sektoren skal auka aktiviteten sin, må slike satsingar som Program for arbeidslivsdriven kompetansebygging finansierast på toppen av dagens løyvingar. UH-sektoren er heller ikkje homogen. Dei tilbydarane som har størstedelen av porteføljen retta mot offentleg sektor, vil ha mindre mindre sjanse til å få finansiering gjennom dette programmet enn dei som er meir innretta mot privat sektor. Dersom ein tek frå basisfinansieringa til alle, vil dette i innebera ei omfordeling mellom desse ulike kategoriane UH-insitusjonar. I kap. 9.5 er det nemnt evalueringar som òg ser på geografisk fordeling av midlane. Dette er viktig sidan etterspurnaden vil alltid vera høgare i folkerike område enn i distrikta. Samstundes kan nettbaserte tilbod som ein kan gje uavhengig av geografi, med fordel stimulerast med ekstra støtte. Konsekvensar for anna satsing innan barnehage og skule I barnehage- og skulesektoren pågår det for tida ei stor omlegging i tildelinga av statlege kompetansemidlar, frå statleg styrte satsingar til barnehage- og skulebaserte kompetansehevingsprosjekt basert på lokale behov og prioriteringar. Fylkesmannsembetet har ansvar for å koordinera arbeidet gjennom å oppretta fylkesvise samarbeidsforum samansett av representantar frå barnehage- og skuleeigarar (offentlege og private), UH, fagorganisasjonar og andre aktuelle. Slike samarbeidsforum er no etablert i alle fylka i landet. UH bidreg som samarbeidspart i hele prosessen fra kartlegging av behov, utarbeiding av langsiktige handlingsplanar, prioritering, planlegging og gjennomføring av konkrete prosjekt i barnehagar og skular som involverer heile personalet (uavhengig av kompetanse og bakgrunn). Samarbeidet skal kvila på ei partnerskapstenking, der me orienterer oss bort frå ein praksis der barnehage- og skuleeigarar bestiller og UH leverer. I staden skal arbeidet byggja på ei forståing av at me er likeverdige partnarar som skal samarbeida om å utvikla kvaliteten i sektoren som heilskap. Partnerskapssamarbeidet skal også bidra til at UH utviklar relevante og forskningsbaserte grunnutdanningar og etter- og videreutdanningstilbod. Å skapa ei felles forståing for kva partnerskapssamarbeidet inneber, byggja tillit og etablera gode samarbeidsstrukturar som fungerer godt, er krevjande og tek tid. Arbeidet er så vidt starta og me er redde for at ein ny kompetansemodell, med nye økonomiske insentiv og samarbeidsstrukturar, vil utfordra det viktige kvalitetsarbeidet i sektoren. Me er positive til at det blir oppretta eit program for arbeidslivsdriven kompetansebygging, men ønskjer at samarbeid innan utdanningssektoren skal byggja på partnerskapstenkinga og samarbeidsstrukturene som allereie er etablert i samband med overgangen til desentralisert og regional ordning for kompetanseutvikling i skule og barnehager (fylkesvise samarbeidsfora, samarbeid med lokale kompetansenettverk). For å kunna vera fleksible i utvikling av tilbod, behalde og rekruttera kompetanse i UH, trengs det ei langsiktig og føreseieleg finansiering etter dagens REKOMP- og DEKOMP-modell. Andre alternativ? Eit alternativ eller supplement til dette programmet, er at UH får tildelt eigne studieplassar til vidareutdanningstilbod retta mot behova i arbeidslivet. Samarbeid med arbeidslivet må vera ein føresetnad for slik tildeling. Eit argument for dette er at ein unngår å byggja opp ein eigen konkurransearena som i seg sjølv inneber at ekstra ressursar går til administrasjon, både hjå søkjarane og dei som administrerer programmet. 6. Egen satsing på kompetanse for innovasjonsprosjekter Utvalget foreslår at 10 mill. kroner fra utviklingsstøtten, under Program for arbeidslivsrelevant kompetansebygging, rettes mot Forskningsrådets "innovasjonsprosjekt i næringslivet" (IPN). Med dette tiltaket ønsker utvalget å prøve ut en ordning som gir bedrifter, bedriftssammenslutninger og næringslivsorganisasjoner som har gjennomført IPN mulighet til å etablere nødvendige kompetansehevende tilbud. HVL har ingen merknad til tiltaket. 7. Fjerne 30-poengregelen i fagskolene Utvalget anbefaler å fjerne kravet om at en fagskoleutdanning må tilsvare en halvt til to års utdanning på fulltid, og at utdanningen må være på minimum 30 studiepoeng for å kvalifisere til offentlige tilskuddsmidler. Utvalget mener det ikke er behov for å sette en nedre studiepoenggrense for utdanning som tilbys. Ut frå eit samfunnsperspektiv er dette eit positivt forslag, sidan mindre modular gjer det lettare å kombinera fagskulestudium med jobb. Arbeidslivet etterspør òg dette. Det er viktig å ikkje fjerna krav til omfang og innhald, sidan det vil opna for utvatning av begrepet fagskule. 8. Fagskoler kan søke om selvakkrediteringsrett Utvalget anbefaler å gjøre det mulig for fagskoler å søke om selvakkrediteringsrett for alle fagområder. Ved en slik selvakkrediteringsrett gis fagskolene mulighet til å opprette studietilbud innen flere fagområder raskere, ettersom de unngår en saksbehandlingsprosess med godkjenning av NOKUT i forkant. Det er viktig at terskelen for eventuell sjølvakkreditering er høg, og slik godkjenning må sikra at utdanningsstandard ikkje avvik frå krav. 9. Resultatbasert tilskudd til fagskolene bør gis til de enkelte fagskolene i stedet for til fylkeskommunene Utvalget foreslår at det resultatbaserte tilskuddet bør gis tilbake til de enkelte fagskolene i stedet for til fylkeskommunene. Utvalget mener at det resultatbaserte tilskuddet må komme den enkelte fagskole til gode. I dag er det slik at hele tilskuddet, både grunntilskuddet og det resultatbaserte tilskuddet overføres til fylkeskommunen. Fylkeskommunene står fritt til å benytte tilskuddet til fagskole eller andre utgiftsposter. Ved at fagskolene selv blir premiert med det resultatbasert tilskuddet vil det skape gode insentiver for å tilby tilrettelagte og attraktive utdanninger og emner. HVL har ingen merknad til dette punktet. 10. Kostnadsdekning for mindre emner Utvalget ønsker at det skal finnes et tilbud av emner som er mindre enn det som normalt tilbys i dag. Utvalget foreslår derfor at den resultatbaserte komponenten i finansieringssystemet (for universitet og høyskoler) endres slik at det i større grad vil bære seg økonomisk å tilby mindre emner. Det er ikke utvalgets intensjon at alle emner skal splittes opp og tilbys i mindre enheter. HVL støttar forslaget. Arbeidslivet etterspør mindre emne. Men foreslått tiltak gjeld KD-finansiert utdanning, så effekten av tiltaket vil bli størst ved at ein òg endrar eigenbetalingsforskrifta slik at det vert enklare å tilby og gjenbruka mindre emne som betalingsemne retta mot arbeidslivet. Dersom dei ordinære utdanningstilboda skal opnast for nye deltakargrupper, er det viktig at UH får dekka kostnadane, inkludert kostnadskrevjande undervisning som øvingar, rettleiing osv. 11. Økt resultatfinansiering av betalingsstudier Utvalget foreslår å fjerne avkortingen av resultatfinansieringen for studier der inntil 49 prosent av kostnadene dekkes gjennom delbetaling fra studenten. Tiltaket åpner for at institusjonene kan tillate seg å sette lavere skolepenger eller opprette nye emner som i dagens modell ikke bærer seg økonomisk. Utvalget mener tiltaket er en hensiktsmessig måte å styrke institusjonenes forutsetning for å gi et studietilbud som er rimeligere for studentene, og som samtidig styrker institusjonenes forretningsgrunnlag. HVL støttar forslaget. Betalingsevna varierer mellom ulike næringar, og dette tiltaket kan auka sjansane for å nå ei målgruppe som har mindre betalingsevne, og rekruttera deltakarar i geografiske område der det er færre etterspørjarar. Det økonomiske grunnlaget for institusjonane si satsing på livslang læring vil bli styrka, og ein kan driva slik aktivitet utan å bruka av basisløyvinga. Det vil stimulera til auka aktivitet. Insitusjonane må samstundes setja eigne kriterium for når ein skal ha lågare deltakarbetaling, slik at ein ikkje undergrev marknaden for reine betalingsstudium. 12. Program for fleksibel læring Utvalget foreslår at det innføres et program for fleksibel læring. Og tiltaket innrettes som en konkurransearena hvor opplærings- og utdanningstilbydere kan søke støtte til utviklingsprosjekter av typen; modell- og metodeutvikling, utvikling av fleksible tilbud og digitalisering av eksisterende tilbud. Utvalget mener at programmet må favne bredere enn tilbydere av høyere utdanning, og ønsker at programmet også rettes mot tilbydere på fagskole- og videregående skole-nivå. Tilgang på utviklingsmidlar gjennom eit program for fleksibel læring, kan stimulera til sterkare fokus på digitalisering og fleksibel læring i UH-sektoren. Dersom det vert retta inn mot både høgare utdanning, fagskule og vidaregåande nivå, er det viktig at ein tek omsyn til skilnadane mellom nivåa, og sørgjer for ei god fordeling mellom nivåa. Programmet bør sjåast i samanheng med 5. Program for arbeidslivsdrevet kompetansebygging, og det må understrekast at alle prosjekt må ha grunnlag i behova til arbeidslivet, og bør utviklast i samhandling med aktuelle samarbeidspartnarar. Den regionale effekten av tiltaka må vektast meir enn «søknadsekspertise». 13. Kvalitet i Bedriftsintern opplæring (BIO) Utvalget foreslår at det utarbeides eksplisitte kvalifikasjonskrav til tilbydere som bedriftene kan benytte i BIO. Felles kvalifikasjonskrav kan bidra til en likere praksis i fylkene når det gjelder hvilken type opplæring BIO-midlene kan dekke. HVL støttar forslaget. 14. Opptak til enkeltemner i høyere utdanning uten å ha dokumentert studiekompetanse Utvalget foreslår at studenter uten dokumenterte kvalifikasjoner i større grad bør kunne delta i utdanning dersom det er ledige plasser, og dersom dette ikke er til særlig hinder for undervisningen. Generelt er det ein god tanke at UH-sektoren skal vera meir open og tilgjengeleg for arbeidstakarar som treng oppdatering innan spesielle tema som er aktuelle for arbeidslivet, anten dei har dokumentert studiekompetanse eller ikkje. Det er gode argument for dette i rapporten. HVL er dessutan i ein konkurransesituasjon, der andre institusjonar opnar for å sleppa inn studentar utan å sjekka kompetansekrav. Ulik tolking av regelverket i sektoren er uheldig. HVL stiller likevel spørsmål ved om det er rett innretning på tiltaka som er foreslått. I avsnitt 16.2 kjem det fram at 580 000 personar ikkje har fullført vidaregåande opplæring i Noreg. Det er ikkje nødvendigvis slik at desse ikkje har tilgang til høgare utdanning gjennom generell studiekompetanse. Søkjarar som tek enkeltfag for å kvalifisera seg etter 23/5-regelen, er ikkje fanga opp i denne statistikken. Det er heller ikkje dei som får generell studiekompetanse via høgare utdanning eller to-årig fagskule. I rapporten står det òg at det i 2018 var 35 % av studiane som hadde spesielle opptakskrav utover generell studiekompetanse. Trenden er at dette aukar. Når utdanningsinstitusjonar stadig ser behovet for å gjera reglane strengare, samstundes som det i dag er enklare enn nokon sinne å oppnå generell studiekompetanse, så viser dette kor viktig det er å ha tydelige formaliserte prosesser rundt opptak, også på bakgrunn av realkompetanse. Det er eit paradoks at ein foreslår at det skal bli enklare å komma inn med bakgrunn i realkompetanse, medan fleire studium får strengare reglar. Det er ei allmenn forståing i samfunnet for at det er naudsynt med visse føresetnader for å gjennomføre høgre utdanning. Deler av rapporten kan lesast slik at dette prinsippet vert utfordra. Tiltak nr. 14 og tilhøyrande kap. 16.2 er døme på dette. Me stiller oss undrande til at utvalet meiner at alder åleine skal kunna vera ein kvalifikasjon, og ikkje kva ein har gjort desse åra sidan dei overordna rammene for å bli vurdert etter realkompetanse alt er rimeleg vide. Også ordningar som «fyrste mann til mølla» er føreslått (16.2.4), noko som er utfordrande med tanke på Forvaltningslova sine krav til likehandsaming. Ulike opptakskrav avhengig av om du blir tatt opp i eit ordinært opptak eller til «ledige plassar» (når skal dette skje?), vil slå svært ulikt ut både internt på institusjonane og mellom utdanningstilbydarane, avhengig av om ein har ein stor eller liten marknad. Det må vera føreseieleg kva opptakskrav og –prosedyrar som gjeld, og det kan ikkje vera eit resultat av slike tilfeldigheiter som tal ledige plassar. «Inntakskvalitet» har vore eit sentralt omgrep i UH-sektoren nokre år, og det er eit spørsmål om rapporten tek problemstillingar knytt til dette godt nok opp i seg. Dersom ein ikkje skal ha krav om dokumentasjon av generell studiekompetanse (formell eller realkompetanse) på utvalde emne, er det fleire vilkår som må sikrast. Desse kjem i tillegg til det som ligg i forslaget om at dei som dokumenterer generell studiekompetanse kjem først i køen, og at tilgang for andre ikkje må vera til hinder for undervisninga: Likebehandling må sikrast. Det må stillast krav som sannsynleggjer at dei kan gjennomføra emnet og delta i faglege diskusjonar. Sistnemnde kan til dømes vera krav om tilsettingsforhold på relevant arbeidsplass. Det må vera opp til kvar enkelt institusjon å gjera faglege vurderingar av kva emne som er aktuelle for slike opptak. Det kan heller ikkje vera opning for å samla emne innan i ei profesjonsutdanning med det mål å bli ein profesjonsutøvar til slutt. Å kvalifisera seg til å utøva ein profesjon, inneber meir enn summen av emne. I profesjonsutdanningane inngår danning, forventa progresjon, løpande skikkavurderingar og rettleia praksisperiodar i eit heilskapleg studieløp, og forslaget må ikkje opna for en praksis som omgår dette. Innspela til dette forslaget heng òg saman med neste forslag. 15. Gi eksamensrett for betalende studenter uten studiekompetanse i høyere utdanning Utvalget foreslår at studenter som selv bekoster sin utdanning også må få mulighet til å avlegge eksamen og oppnå studiepoeng, selv om de ikke har studiekompetanse. Utdanningsinstitusjonene har eit samfunnsansvar når det gjeld livslang læring. Me skal bidra til omstillingsevne og kompetanseutvikling i samfunnet. Det betyr at me må kunna svara på arbeidsgjevarane sitt behov for kompetanseheving av tilsette og arbeidstakarane sitt behov for utdanning og formalisering av kompetanse. Å ikkje gjera terskelen for å ta høgare utdanning høgare enn nødvendig, er ein del av dette samfunnsansvaret. I dag er situasjonen at enkelte utdanningstilbydarar praktiserer ei slik ordning som ligg i forslaget, medan andre ikkje gjer det. Denne konkurransevridinga er svært uheldig, og det hastar å få klart regelverk og lik praktisering. Forslaget om at dei som ikkje har studiekompetanse eller på anna vis kvalifiserer for høgare utdanninga, men som har betalingsevne og –vilje til å betale skal få opptak, går mot prinsippet om at læring heile livet skal gjelda alle uavhengig av økonomi og livssituasjon. HVL meiner difor at det ikkje er rett å ha ulike opptakskrav ut frå om det er betalingstilbod eller gratistilbod. Men ulike utdanningar kan ha ulike opptakskrav, ut frå innhald, målgruppe og omfang. Enkeltemne som er skreddarsydd for eit definert behov i arbeidslivet, må ha opptakskrav som sannsynleggjer at deltakaren kan gjennomføra og får læringsutbyte av nettopp dette utdanningstilbodet. Læringsutbytet må sjølvsagt hengja saman med arbeidslivet/arbeidsgjevar sitt behov. Eit opptakskrav inneber ei realkompetansevurdering av søkjarane. Men desse treng ikkje nødvendigvis ha dei same formalkrava som annan realkompetansevurdering. Erfaringar frå arbeidslivet gjev ein annan inngang til den akademiske kunnskapen enn formell utdanning, og dette bør verdsetjast i opptaket til tilbod som er tett knytt til dette arbeidslivet. Det kan vera behov for tydelegare retningslinjer for realkompetansevurdering, og styrkja kompetansen til dei som skal gjera desse vurderingane. Erfaringane frå HVL er at gjennomføringsgraden er høg på skreddarsydde tilbod, uavhengig av opptaksgrunnlaget. Vilkåret er at innhaldet i utdanninga er svar på eit spesifikt behov, informasjonen om kva som krevst av studentane er tydeleg på førehand, og at kvaliteten på utdanninga er god. Ein føresetnad for at realkompetansevurdering skal fungera godt for arbeidsgjevarar som treng kompetanseheving for sine tilsette, gjerne med korte tidsfristar, er ei felles forståing av opptakskrava, og at opptaksprosedyrane er effektive og føreseielege. Men uansett om me på eit tidspunkt kanskje får meir nasjonale og eins føringar for korleis REA skal vurderast (jf. forslag 24), så kjem me ikkje utanom at det vil krevja store ressursar å vurdera dette. Nettbaserte ressursar vil vera til hjelp, og så må utdanningsinstitusjonane fortsatt kvalitetssikra inntakskvaliteten til alle studentane sine. 16. Studiestøtte hele livet Utvalget foreslår flere endringer av Lånekassens støtteordning: a. Avvikle krav om 50 prosent studiebelastning. Det skal ikke være noen nedre grense. b. Avvikle vilkår om minste varighet på ett semester. Det skal ikke være noen nedre grense. Proporsjonal studiestøtte. c. Erstatte åtteårsgrense for støtte med grense for maksimalt lånebeløp. Det foreslås et gjeldstak på 630 000 kr (6,5 G), hvor lån til skolepenger ikke medregnes. d. Bedre lånemuligheter for personer over 45 år. Samme gjeldstak som i forslag c kombineres med å heve aldersgrensen til 70 år for når lånet skal være tilbakebetalt. e. Reversering av gradsomgjøringslån for personer over 35 år. HVL støttar desse punkta, på det vilkår at rammene framleis er gode for den tradisjonelle studenten. 17. Utdanning med dagpenger Utvalget foreslår at det skal åpnes for å kunne ta formell utdanning med dagpenger. Utvalget legger til grunn at utdanningen normalt bør ha en begrenset omfang, men med mulighet for en viss utvidelse i perioder med lavkonjunktur, og at dagpengeregelverket – foruten å åpne for denne muligheten – i hovedtrekk bør ligge fast. HVL støttar forslaget. Vilkåret er at vedtaka vert gjort av NAV, og at ein sikrar at det ikkje vert misbrukt. 18. Utdanning med sykepenger Utvalget foreslår at det legges bedre til rette for bedre utdanningsmuligheter og finansiering mens man mottar sykepenger. Utvalget foreslår at det skal gis mulighet til å ta (formell) utdanning i et omfang på inntil 15 studiepoeng hver sjette måned uten krav om noen bestemt studiebelastning, og utdanningen skal være tilgjengelig for målgruppen som en rettighet. HVL støttar forslaget. Vilkåret er at vedtaka vert gjort av NAV, og at ein sikrar at det ikkje vert misbrukt. 19. Øke støtten til fylkeskommunenes arbeid med mobilisering og koordinering I statsbudsjettet for 2019 ble det satt av 47 mill. kroner til regionale tiltak for utvikling av næringsmiljøer og tilgang til kompetanse, kap. 553 post 60, noe som innebar en reduksjon fra 142 mill. kroner fra 2018. Utvalget anbefaler at kap. 553 post 60 i statsbudsjettet for 2020 økes til samme nivå som i 2018. Dette i tråd med oppgavene og ansvaret fylkeskommunene samlet vil ha framover for regional kompetanseutvikling. Det er viktig at fylkeskommunane følgjer opp dette ansvaret for koordinering. Tiltak som anbefales utredet 20. Fleksibilitetsinsentiv i finansieringssystemet Utvalget foreslår at det utformes et eget fleksibilitetsinsentiv i finansieringssystemet for universiteter og høyskoler. Insentivet kan utformes som en egen indikator som teller hvor mange studenter som har deltatt på ulike former for fleksible studietilbud og gir finansiering deretter. Insentivet er tenkt å kompensere for kostnader knyttet til å tilby nettbaserte, modulbaserte, distribuerte, kvelds-, helge- og samlingsbaserte utdanninger eller utdanninger som tilbys i samarbeid med aktører fra arbeidslivet. HVL er positiv til forslaget. Det er viktig med gode og eintydige definisjonar på indikatorane. 21. Nye unntak i egenbetalingsforskriften Utvalget ønsker å legge til rette for at institusjonene får utvidede muligheter til å tilby utdanninger mot betaling, uten at dette skal gå på bekostning av lik rett til utdanning. Utvalget mener at økt tilfang av studenter som er villige til å betale for utdanning ikke vil legge press på tilbudet av gratis grunnutdanning ettersom institusjonene gjennom den eksterne finansieringen får mulighet til å øke sin kapasitet. HVL positive til forslaget, men vil òg peika på at det på mange utdanningar er praksis som begrensande faktor for kapasiteten. Formålet med å laga fleire unntak i eigenbetalingsforskrifta, må vera at fleire tek utdanning, ikkje at ein flytter kapasitet frå ordinært finansierte utdanningar til betalingsutdanningar. Det kan òg skapa eit ekstra klasseskille dersom det berre er yrkesutøvarar med betalingsevne som får tilgang til vidareutdanningar. 22. Aldersbestemt kandidatindikator Utvalget ber Kunnskapsdepartementet om å vurdere ordninger som i større grad kan ivareta hensynet til både kandidatproduksjon og livslang læring. En mulig vei kan være å reversere kandidatindikatoren for studenter over 30 år. HVL har ingen merknad til dette forslaget. 23. Godkjenningsordning for ikke-formelle opplæringstilbud Utvalget mener det trengs en godkjenningsordning for tilbud av ikke-formell opplæring. Det bør gjøres en utredning av hvordan en slik ordning bør utformes. Det kan vera formålsteneleg å laga godkjenningordning for slike tilbod som er varige og har eit stort omfang. Samstundes vil og bør det finnast ikkje-formell opplæring som er basert på behov som oppstår og må dekkast utan at tilbodet har vore gjennom godkjenningsordninga. 24. Bedre system for realkompetansevurdering Utvalget foreslår at det settes i gang et langsiktig arbeid for å etablere en enhetlig praksis for realkompetansevurderinger for opptak til studier, og avkorting av studieløp ved norske universiteter, høyskoler, fagskoler og videregående skoler. Utvalget foreslår at det i første omgang bevilges midler til et prosjekt som skal utrede hvilke typer felles digitale verktøy som kan utvikles for å støtte institusjonene i deres arbeid med realkompetansevurderinger. Realkompetanse er eit sentralt tema i rapporten og bør stå sentralt i arbeidet som kjem vidare. Realkompetanse er eit omgrep som i seg sjølv er forståeleg, men det er store utfordringar knytt til korleis ulike instansar både på tvers av sektorar og internt i same sektor, operasjonaliserer omgrepet. Det er difor stor trong for å få meir nasjonale tilnærmingar til dette omgrepet. Det å laga eit samstemt grunnlag for vurdering er så den største jobben, og så er felles digitale verktøy neste ledd i arbeidet. HVL støttar forslag om vidare utgreiing for forslaga 20 – 24. Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"