🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring Markussenutvalget - Lærekraftig utvikling Livslang læring for omstilling ...

Norsk Bibliotekforening

Departement: Familiedepartementet
Dato: 20.09.2019 Svartype: Med merknad Vi i Norsk Bibliotekforening har med interesse lese NOU 2019:12 Lærekraftig utvikling. Vi er både forundra og overraska over at bibliotek ikkje er nemnt med eitt einaste ord i denne utredninga, korkje folke-, skule- eller fagbibliotek. Særleg folkebiblioteka har ein unik infrastruktur som kan utnyttast langt betre. Alle kommunar i heile landet har eit folkebibliotek som er kommunen sin lokale kunnskapsinstitusjon. Både under førstegongsutdanning og under vidareutdanning er biblioteka ein viktig part for litteraturgjenfinning, søk i aktuelle databasar, som leseplass og som parten som kan finne aktuell og riktig informasjon for studiet. Biblioteket er også som ein bibliotekar "ein livslos". Folkebiblioteka er det mest populære kommunale tilbodet år etter år, som møteplass, litteraturformidlar og kunnskapsinstitusjon. Biblioteka har ein unik fagkompetanse når det kjem til bruk av kjelder, verifisert kunnskapsgjenfinning og som rådgivarar og rettleiarar overfor til dømes fjernstundentar. Det er eit viktig demokratisk prinsipp i Noreg at vi skal ha lik tilgang til kunnskap og informasjon, uavhengig av kor vi bur i landet. Det er biblioteka si viktigaste oppgåve, å vere ein garantist for at borgarane får denne kunnskapen, og at han skal vere gratis og lett tilgjengeleg. Dette gjeld uansett om vi snakkar om fritidslesing eller formell kompetanseheving. Dei lovpålagde, offentlege biblioteka bør ha ein framtredande rolle i ei slik utredning. Biblioteka er avgjerande for at norske borgarar skal få ta del i ei livslang læring og kunne utvikle seg som menneske. Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"