Dato: 09.09.2019 Svartype: Med merknad Høyringssvar - Forslag om endringar i forskrift om opptak til høgre utdanning Kompetanse Noreg viser til Kunnskapsdepartementets høyringsbrev av 28. juni 2019, referanse 19/3216, der det blir gjort framlegg om endringar i forskrift om opptak til høgre utdanning. Kompetanse Noreg støtter i all hovudsak framlegga om endringar, men ønskjer å kommentere på følgjande punkt: Forslag om endringar i §2-2 Utanlandsk utdanning Kompetanse Noreg støtter forslaget slik det føreligg, med dei presiseringane som er gitt i høyringsnotatet. Vi meiner at endringa under §2-2 Utanlandsk utdanning vil føre til ein meir rettferdig opptaksordning for dei som skal dokumentere norskferdigheiter. Viss det krevst munnleg prøve også for test i norsk – høgre nivå , vil kandidatar som tek denne testen, bli målt i dei same ferdigheitene som resten av søkarmassen. Forslag til endringar i §4- 8 opptakskrav til engelskspråklege utdanningsprogram Kompetanse Noreg støtter forslaget slik det føreligg, med dei presiseringane som er gitt i høyringsnotatet. Vi ønsker å påpeike på at endringane som er foreslått ikkje må vere til hinder for andre måtar å teste om søkjarane er kvalifiserte. Til dømes, viss studentane ikkje har dokumentert karakteren 4 eller betre i engelsk, bør universitet og høgskular kunne tilby eit forkurs på tilsvarande måte som dei tilbyr forkurs i matematikk i lærarutdanninga. Forslag til endringar i §7- 4 poengberekning for søkjarar med meir enn eitt grunnlag for rangering Kompetanse Noreg støtter forslaget slik det føreligg, med dei presiseringane som er gitt i høyringsnotatet. Ein slik praksis vil gjere overgangar i utdanningsløpet for fagskulestudentar meir attraktivt, smidigare og mellom anna heve fagskulens status. Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"