🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring forskrift om opptak til høgre utdanning for opptaksåret 2020-2021

Norges handelshøyskole

Departement: Familiedepartementet
Dato: 05.09.2019 Svartype: Med merknad Svar på høyring – NHH §2-2 Utanlandsk utdanning 1. Krav om munnleg Bergenstest. NHH stiller seg bak SO i at det er viktig at søkjarane kan dokumentere både munnleg og skriftleg dugleik i norsk for å kunne kvalifisere til høgare utdanning. 2. Grunnskule på norsk eller nordisk språk skal ikkje lenger oppfylle norskkravet. Regelen slik den står no inneber at ein person må gå på grunnskule i Noreg samanhengande frå 1.-10. klasse for å få godkjend kravet til norskkunnskapar. Dersom ein person går samanhengande frå 2-11., eller 3.-13., inneber regelen at desse studentane ikkje får godkjent kravet til norskkunnskapar. NHH argumenterer med at ein student som har gått samanhengande på skule i Norge i ti år bør få godkjent kravet til norskkunnskapar. Dette gjeld uavhengig av om kandidaten gjekk 1.-10., 2.-12., eller 3.-12. Ein regel som berre avgrensar tidsintervallet og ikkje går nærare inn på kva år det må vera snakk om, vil ikkje vera rettferdig. Ein student vil ha like gode norskkunnskapar uavhengig av kva for av dei tre tidsromma det er snakk om. 3. Norsk B standard level frå International Baccalaureate (IB) oppfyller ikkje lenger norskkravet. NHH er einig i at ein konverteringstabell er det mest hensiktsmessige. §3-8 Unntak frå krav om generell studiekompetanse for opptak til studium i nautikk NHH har ingen innvendingar mot denne regelendringa. §4-8 Spesielle opptakskrav til engelskspråklege utdanningsprogram NHH stiller seg bak SO sin kommentar til lovforslag. §4-10 Spesielle opptakskrav til diverse fag NHH meiner at dersom ein ynskjer å ta i bruk opptaksprøvar, er det viktig at desse er kompetansebaserte og strukturerte. Opptaksprøvane må skape rettsførevisse, legge til rette for likebehandling og kunne gjennomførast objektivt. Det er viktig at opptaksprøvar kan etterprøvast og at dei er satt opp på ein måte som er høva for klagerett. Dette vil ivareta opptaket sin transparens §7-2 Kvote for fyrstegongsvitnemål og ordinær kvote Kvote for fyrstegongsvitnemål NHH meiner at den nye regelen er eit godt steg i riktig retning. Regelen er likevel ikkje tydeleg nok. Her bør me setje ned ei to års grense frå elevane er ferdig med løpet i vidaregåande skule. Me gir søkarane ein mogleik for å komme inn med 23/5 regelen. Dermed egner det seg å bruke 23 år som øvre grense for fyrstegongsvitnemål framfor 21 år. Dersom me set ei grense på 2 år etter fullført vidaregåande, til og med året ein fyller 23, vil dette skape gi eit meir heilskapleg regelverk.. Ein inkluderer då dei som har brukt ekstra tid og/eller forsøk på å fullføre vidaregåande (nokon treng meir tid enn andre), samstundes som dei som er 17 år når fullfører ikkje får meir enn to år med fyrstegongsvitnemål. Matematikk R2 + Yrkesfagleg Vidaregåande opplæring NHH stiller seg bak dette. Dersom ein klarer å ta R2 som eit ekstra fag, må ein lønas for dette. R2 er eit svært krevjande fag. I denne samanhengen gjeld kravet dei studentane som er i stand til å ta R2 i tillegg til eit alminneleg yrkesfagleg studieløp. Me må heller oppmuntre studentar til å velje eit løp der ein tar meir avanserte fag, enn å straffa dei ved å utelate faget (og ekstrapoeng) frå vitnemålet deira. NHH stiller seg prinsipielt undrande til at løpa i vidaregåande skal vera så fastlagte. Det skal vera mogleg for studentar å endre meining om kva fag dei ynskjer å ta undervegs i eit studieløp. I ein alder av 15 år er ikkje alle i stand til å avgjer kva dei vil gjere i framtida. Utelating av ein R2 karakter frå fyrstegongsvitnemålet kan få store konsekvensar for ein elev som har endra meining om studieretning i løpet av vidaregåande. Det er dumt at ein elev som har høgt ambisjonsnivå og har lagt ned ekstra innsats ved å ta R2 i tillegg ikkje skal få utteljing for dette. Slikt er lett å unngå. På NHH sikter me på å tiltrekkje oss studentar med sterke faglege resultat og høg motivasjon for læring. I dette ligg det at NHH ynskjer seg dei studentane som ønskjer å prestere på eit høgt fagleg nivå. Me meiner dermed at det vil vera synd å røve dyktige elevar frå mogleiken til å konkurrere i kvote for fyrstegongsvitnemål kun fordi dei ikkje tok R2 som ein del av studiespesialiserande retning. §7-4 Poengberekning av søkjarar med meir enn eitt grunnlag for rangering. NHH stiller seg bak SO sin kommentar. §7-5 Karakterpoeng for søkjarar med 3-årig vidaregåande opplæring NHH legg seg på same linje som SO. Det vert mykje enklare for institusjonane med omrekningstabellar. Mange fagskular gir tynt karaktergrunnlag med svært få karakterar. Dette meiner NHH bør leggjast inn som ein parameter i ein omrekningstabell. Kor mange prøver har studenten hatt? Kor mange eksamenar? Korleis vektar ein ulike antall prøver og eksamenar? Og korleis vektar ein dei ulike karakterane opp mot kvarandre? §§7-5 og 7-6 Karakterpoeng NHH er einig med SO. Godt at dette vert påpeika då dette har medført vanskeleg kommunikasjon før. Er man i studieløpet, skal man ha eit fyrstegongs vitnemål. §7-7 Karakterforbetringar NHH er einig med SO. Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"