🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring forskrift om opptak til høgre utdanning for opptaksåret 2020-2021

Utdanningsforbundet

Departement: Familiedepartementet
Dato: 16.09.2019 Svartype: Med merknad Utdanningsforbundet viser til Kunnskapsdepartementet sitt høyringsbrev av 28. juni 2019, ref 19/3216, der det blir gjort framlegg om endringar i forskrift om opptak til høgre utdanning. Utdanningsforbundet har merka seg at Samordna opptak (SO) i høve til endringsforslaga i kapittel 2, §2.2, skriv at " Forslaga inneber i all hovudsak ei innstramming av regelverket." Endringane inneber: 1) Krav om munnleg Bergenstest 2) At grunnskole på norsk eller nordisk språk ikkje lenger vil oppfylle norskkravet 3) At Norsk B standard level frå International Baccalaureate (IB), ikkje lenger vil oppfylle norskkravet Etter Utdanningsforbundet sitt syn er grunngjevinga for dei einskilde endringsforslaga i hovudsak gode, og forbundet støttar forslaga. Vi vil samstundes få peike på, spesielt i høve til 1) (over), at det vil vere uheldig dersom krav om utvida testing gjer det urimeleg vanskeleg for personar med ikkje-norsk bakgrunn å kome inn i høgre utdanning. Utdanningsforbundet har ingen kommentarar til dei endringane det blir gjort framlegg om i kapittel 3. I kapittel 4 støttar Utdanningsforbundet framlegget til endring i §4.8 - Spesielle opptakskrav til engelskspråklege utdanningsprogram - der Universitetet i Søraust-Noreg får sette krav om karakteren 4 i engelsk for opptak til det engelskspråklege bachelorprogrammet International Education. Utdanningsforbundet merkar seg at mange av endringsforslaga i kapittel 7 Rangering gjeld tekniske endringar i høve til samanhengen mellom føresegner, og mellom føresegner og praksis i SO si sakshandsaming. Forbundet har ingen særskilde merknader her. Når det gjeld framlegget om endringar i §7.5 - med verknad for fleire andre paragrafar - støttar Utdanningsforbundet prinsippet om at § 7-5 tredje ledd ikkje lenger skal avgrense kva for fullmakter departementet kan gje SO til å lage omrekningstabellar. I høyringsnotatet heiter det: "Kunnskapsdepartementet har også tidlegare uttalt at det er ønskjeleg at flest mogleg får ein poengsum å konkurrere med". Etter vårt syn vil fleire omrekningstabellar gjere sakshandsaminga både enklare og meir rettferdig i mange rangeringssaker. Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"