🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring om endringer i alkoholloven – Vinmonopolets åpningstid og salg og skjenki...

Ulstein kommune

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner

Høyringsuttale frå Ulstein kommune:

Ulstein kommune ønsker ein full gjennomgang og revisjon av alkohollova, framfor å gjere mindre og hyppige lovrevisjonar. Kommunen får stadig tilbakemeldingar på at lova er uoversiktleg og har vanskeleg språk. Dette er utfordrande for den næringa som forsøker å halde seg til regelverket. Det fører i neste omgang til at kommunen må bruke uforhaldsmessig mykje tid på å rettleie om lovverket, som vi meiner er fragmentert, vanskeleg formulert og dermed lite brukarvenleg.

Når det gjeld sjølve lovforslaget, så er Ulstein kommune positiv til å tilpasse Vinmonopolet sine opningstider til befolkninga sitt handlemønster på laurdagar. Kommunen stiller imidlertid spørsmålsteikn ved å innføre ei ordning som Vinmonopolet sjølve har rekna ut vil innebere økonomisk tap.

Ulstein kommune støttar forslaget om eit forenkla regelverk som opnar for at til dømes mikrobryggjeri og gardsutsal kan selje eigenprodusert drikke i såkalla «mindre lokale» der det også er skjenkebevilling. Ut frå omsynet til eit brukarvenleg regelverk og likebehandling, ber kommunen om at lova gjev klåre retningslinjer med omsyn til kva som skal reknast som «mindre lokale».

Ulstein kommune støttar ikkje forslaget om forsegling av drikke som vert selt. Dette fordi det ordninga skal gjelde for «mindre lokale», som vil vere greie og oversiktlege. Ei ordning med forsegling vil difor vere unødvendig byråkratisk. God kontroll frå tilsette, og ei klår oppmoding til kjøparane om å ikkje konsumere drikke som er handla på salsbevilling vil vere tilstrekkeleg. Om det skal innførast eit krav om forsegling må det vere departementet som tek stilling til kva forseglingsmåtar som skal vere er tillatne. Kommunen frårår å innføre ordningar som medfører auka bruk av plast, slik som den typen som vert nytta ved Tax Free sal på flyplassar m.m.

Ulstein kommune har ingen merknader til lovforslaget som gjev heimel til å innhente teiepliktige opplysningar frå Folkeregisteret.