🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - Revisjon av EU-direktiv 2009/33 om offentlige innkjøp av miljøvennlige ...

Møre og Romsdal fylkeskommune

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Møre og Romsdal fylkeskommune vil gi innspel på følgjande spørsmål frå samferdselsdepartementet sitt høyringsbrev i denne tidlegfasa av dette arbeidet, og vil kome tilbake med ein grundigare uttale etter at forskrifta er utarbeidd:

Spørsmål: - Hvordan kan andel kjøretøy som anskaffes av det offentlige og som skal tilfredsstille kravene i det nye direktivet best reguleres?

Svar : Det er svært viktig at både regulering av krav til fylka/byane og oppdatering av inntektssystemet blir arbeidd med på same tid. Det er avgjerande at fylka blir gjort i stand til å stille krav om miljøvenlege kjøretøy. Møre og Romsdal Fylkeskommune har gjennom å vere tidleg ute med miljøvenlege fartøy i ferjesektoren erfart at den totale driftskostnaden ikkje går svært mykje opp, men investeringane på landsida og våre forpliktingar for eventuelle investeringar i kraftnettet/endringar i nettariff inneber både store investeringar og stor kostnadsrisiko mtp. endringar i nettariffer for fylkeskommunen. Dette er kostnader som fylkeskommunen må dekke frå andre rammer enn overføringane som kjem via inntektssystemet. Vi kan ikkje kome i tilsvarande situasjon også for buss og hurtigbåt, slik at staten må ta eit utvida ansvar for tidlegkostnader som kostnadar på infrastruktur, både direkte knytt til køyretøy og indirekte via lade/fylle-infrastruktur der fylkeskommunen må ta risiko eller kostnadar for å halde driftskostnadane og anbodsprisane nede.

Sidan forskrifta skal gjelde berre for bybussar (klasse 1-buss), er det naturleg at dei store byane, der også byvekstavtalar og beløningsordning gir større finansieringspotensiale og handlingsrom, tar ein større del av forpliktingane i ei tidlegfase.

Spørsmål: Hvordan finne gode praktiske løsninger nasjonalt? Et betydelig antall offentlige anskaffelser av kjøretøy skjer ved kjøp/leasing av kommuner, fylkeskommuner og helseforetak, og det eksisterer her i liten grad registre med informasjon eller registreringsstatistikk for offentlig eide kjøretøy (ned på nivå enkeltanskaffelser).

Svar: Eit innspel kan vere å sjå på moglegheita for at Doffin kan brukast til ei slik registrering, og der det er eigne felt for «tal på køyretøy» og «tal på køyretøy med krav til nullutslepp». Dette fordrar at det offentlege må lyse ut alle typar anbod via Doffin så snart køyretøy er ein del av anskaffinga.

Spørsmål: Hvordan vurderer høringsinstansene økonomiske og administrative konsekvenser av det nye direktivet?

Svar: Å innføre regelverk for anskaffelse av miljøvennlige køyretøy medfører økte kostnader for fylkeskommunen. Å stille krav til at kvoten skal fylles i form av å stille krav til kvar enkelt anskaffelse vil få ei økonomisk betyding, spesielt i byområdene kor det er størst bruk av klasse 1 busser.

Den politiske (og administrative) viljen til å anskaffe miljøvennlige køyretøy er stor, men vi har brukt store ressursar på ferje, og vil derfor være i ein situasjon kor vi må velje mellom gode tilbod til dei som bor i Møre og Romsdal vs. å være først på teknologiutvikling.

Å stille krav til at kvoten skal fylles ved at dei store byene må ha ein høgare andel enn mindre steder kan virke som ei meir hensiktsmessig løysing, da det er de store byene som har størst volum av klasse 1 busser. Den økonomiske konsekvensen kan også i dette tilfelle vere økte utgifter for dei store byene.

Spørsmål: Hva er den vanligste formen for anskaffelse av kjøretøy? Rammeavtale, kjøp, leasing eller annet? Presiser gjerne.

Svar: Vi kjøper busstenester. I konkurransegrunnlaget beskriv vi behovet vi har for busstenester i eit bestemt geografisk område, samt stiller krav til sjølve tjenesten. Operatør må sjølv anskaffe det bussmateriell som trengs for å oppfylle de krav som er satt.

I tillegg kjøper fylkeskommunen en del køyretøy til ytre einingar, til dømes biler og minibussar til skoler m.m.

Spørsmål: Hvor mange kjøretøy anskaffes ved hvert avrop innen rammeavtalen eller ved hver anskaffelse?

Svar: Operatør må sjølve vurdere tal køyretøy som er nødvendig i dei ulike kategoriane for å kunne levere eit busstilbod som oppfyller kontraktens bestemmelser. Tal køyretøy vil derfor variere i ulike anbodspakkar.

Spørsmål: Hvordan er innkjøpsfunksjonen organisert? Felles for hele virksomheten eller hver enhet i organisasjonen hver for seg?

Svar: Ei felles innkjøpsavdeling i tillegg til eigen innkjøpsfunksjon på samferdselsavdelinga.

Spørsmål: Hvor mange kjøretøy disponerer virksomheten i dag? Tilstrekkelig med et anslag.

Svar: Vi disponerer om lag 380 bussar, og har ikkje kartlagt andre køyretøy som fylkeskommunen disponerer. Når regionreforma trer i kraft vil også fylkeskommunen måtte skaffe dei køyretøya som er nødvendig for å forvalte fylkesvegansvaret i eigen organisasjon (det som blir overført frå Statens vegvesen frå nyttår). Vi har ikkje anslag på dette no.

Vi legger til grunn at vi ikkje skal rapportere om talet på fartøy (sjø). Det er fint om de tek kontakt dersom dette er opplysningar de også vil ha.