🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring – NOU 2019: 11 Enklere merverdiavgift med én sats

Gloppen kino

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Gloppen kino er ein liten, kommunaldrifta kino med eit besøk på ca 10 000 i året. Vi prøvar etter beste evne å levere eit breiddetilbod innan film til vårt publikum. Vi prøvar i det lengste å la kinoen vere eit lågterkseltilbod for alle i kommunen. Drifta går med underskot.

Vi ser med uro på forslaget om å auke mva få 12 % til 23% eller 25%. Vi har allereie fått ein auke i mva som vi ser at vi har utfordringar med å hente inn i auka prisar og publikum. Vi har allereie auke frå 8% til 12% dei siste åra. Dette gjev oss ikkje enklare vilkår for å skape gode kulturtilbod i mellomstore kommunar.

Skal vi dekke inn dette må vi enten auke prisane eller ta dette over drifta som allereie nemt går med underskot. I ein elles trong kommuneøkonomi er dette langt frå ideelt. Det er berre å sjå til Sverige korleis dei mindre kinoane der er blitt lagt ned i rekordfart etter auke i mva.

Vi registrerar med glede at finansministeren har uttrykt skepsis til innstillinga frå ekspertgruppa. Vi ser også at både Film og Kino, representatar frå Kulturdepartementet og Kultur- og familiekomiteen på Stortinget også viser denne skepsisen. Gloppen kino støttar denne skepsisen og vil på det sterkaste anbefale å ikkje påføre kinopublikum ei større belastning ei auke i kulturmomsen vil innebære.