Reiselivet er ei stor og viktig næring i Kviteseid kommune. Innføring av 23% mva vil få store uheldige konsekvensar for reiselivsnæringa i heile regionen. Kviteseid kommune sluttar seg til høyringsuttala frå Vinje kommune.
Ein trugsel for Reiselivet i distrikta
Syner til høyringsbrev av 29. mai, som gjeld NOU 2019-11, enklare meirverdiavgift med ein sats.
VINJE OG VEST TELEMARK
Reiselivet er ein av dei største næringane i vårt område, Vinje og Vest Telemark. Det er den næringa som sysselset flest og har det største mangfald iht utdanning, nasjonalitet og alder. Dette dramatiske forslaget kan føre til enorme konsekvensar for heile Vest Telemark, innan både overnatting- og skisenter drift. Det vil også vera svært uheldig med auka prisar på buss og anna kollektivtransport.
Ein har forståing for at ein ynskjer ei endring. Dagens ordning fører til store utfordringar for den einskilde verksemd, rekneskapsfirma og revisorar, samt kommune og stat. Likevel har næringslivet greidd å imøtekoma desse ordningane, som meir eller mindre vart sett igang utan at det vart tenkt igjennom praktiske konsekvensar, på ein lojal og innovativ måte. Det er nytta fleire titals tusen på å utvikle program og kassasystem. Samt gjennomført ei brei opplæring på alle som har med mva å gjera. Mange valde å avslutte verksemda eller gjorde om for å ikkje bli ein «kriminell», pga systemet.
Når ein no får forslag om nok ei endring, er det sama runden igjen iht utstyr, program opplæring osb.
Men det verste er at utgåande mva for dei som har 12% idag, vert auka til 23%. Ein avgiftsauke på nesten 100%, ein kostnadsauke på 9% av kvar omsette krone! Rørde verksemder slikkar enda sine sår etter auke ifrå 10 til 12%, og no kjem auken frå 12% til 23%!
Denne kostnadsauken kan ikkje dekkast av anna enn prissetting, og ein kjem då heilt skakt ut i høve til konkurrerande destinasjonar i td. Sverige. Kontraktar og avtaler er allereie signerte, så dette vil føre til reint tap. Ein veit at marginane er og har vore svært små i lang tid. Dette blir utruleg tungt.
Utvalet som har kome til dette forslaget, er samansett av høgt utdanna og sikkert svært erfarne personar. Men ein stiller spørsmål om det er den gruppe menneske som føler denne problematikken på kroppen best. Burde det vore nokon med frå «golvet», som dagleg føler på desse utfordringane?
Vinje kommune og Vest Telemark, vil difor be om at det vert tenkt seg grundig om, før ein gjennomfører ei slik dramatisk endring. Dette er ein reell trugsel for distriktet!