🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring av forslag til endringer i barnehageloven med forskrifter (ny regulering ...

Klepp kommune

Departement: Familiedepartementet
Dato: 11.07.2019 Svartype: Med merknad KLEPP KOMMUNE GJER HØYRING PÅ FØLGANDE PUNKT: 1. Eit nasjonalt økonomisk tilsyn Regelverk for å føra økonomisk tilsyn, har vore krevjande. Dei siste to åra har fleire kommunar vunne fram med saker, og det byrjar å setja presedens. Ei utfordring har vore at fleire barnehagar inngår i større konsern, som og har barnehagar i fleire kommunar. Det krev høg kompetanse, og Klepp har allereie starta ein dialog med jærkommunane om eit mogleg samarbeid om dette. Klepp kommune støttar forslaget om å flytta økonomisk tilsyn til departementet. 2. Private barnehagar bør ikkje bli kompensert for pensjonsutgifter dei ikkje har Ei nedjustering av pensjonspåslaget kan føra til at fleire barnehagar kan søka om å få dekka pensjonsutgiftene sine. Det er dokumentert at dei fleste private barnehagane får eit påslag på pensjon som er høgare enn dei utgiftene dei har til dette føremålet. Det er rett å justera dette og vil vera i tråd med prinsipp om likeverd i økonomisk tilskot. Lovendringa som er foreslått, vil gje alle barnehagar som har høgare pensjonsutgifter, rett til å søke. Klepp kommune støttar forslaget. 3. Eigne rettssubjekt og forbod mot å driva anna verksemd Barnehagen sitt driftstilskot skal koma barna til gode, og dette må kunne etterprøvast. Utviklinga i barnehagesektoren med fleire større konsern som eigarar, treng eit regelverk som er tilpassa dette. Klepp kommune støttar forslaget. 4. Krav om lån frå finansforetak Klepp kommune støttar forslaget til lovendring. 5. Berekna tilskot til private barnehagar Tilskot til private barnehagar har dei siste åra vore betre tilpassa sektoren. Det er viktig å ikkje endra det som fungerer. Klepp kommune er opptekne av like vilkår for kommunale og private barnehagar. Vilkåra er i dag gjer ein gevinst for store barnehagar, sidan alle barnehagar får same tilskot per barn. Klepp kommune vil støtta forslaget om ei utgreiing med ei slik løysing. 6. Vurdera å plassera ansvaret for å behandla søknad om dispensasjon Barnehagar som ikkje får tilsett tilstrekkeleg med barnehagelærarar, kan i dag søka kommunen om dispensasjon. Kommunen vil ha behov for denne opplysninga som del av ei risikovurdering for oppfølging av kvaliteten i barnehagane, anten den er privat eller kommunal. Det er difor lite høveleg å flytta den oppgåva til Fylkesmannen. Klepp kommune støttar ikkje forslaget om å flytta oppgåva og ansvaret for å behandla søknad om dispensasjonar. 7. Uavhengig organ som barnehagemyndigheit Klepp kommune er opptekne av høg kvalitet på handsaming av oppgåvene som barnehagemyndigheit. Det skal vere høg grad av integritet i handsaming av private og kommunale barnehagar. Fylkesmannen har fått ansvar i barnehagelova til å følga opp og føra tilsyn med kommunane som barnehagemyndigheit. Dersom kommunar ikkje har kompetanse til å utføra desse oppgåvene etter lova, kan Fylkesmannen allereie gå på tilsyn. Klepp kommune har ved fleira høve samarbeidd med nabokommunar i tilsyn av barnehagar. Dette gjeld særskilt ved tilsyn i barnehagar kommunen eig sjølv. Jærkommunane har allereie starta ei vurdering om eit meir formelt samarbeid om oppgåvene som barnehagemyndigheit, der det er høveleg. Endra organisering av den lokale barnehagemyndigheiten kan medføra ei meir byråkratisk arbeidsmåte, som er lite høveleg i kommunar med ulik storleik. Klepp kommune støttar ikkje forslaget om at kommunen organiserer den lokale barnehagemyndigheiten skilt frå eigaroppgåve. 8. Bør det bli enklare å starta nye barnehagar? Det er i dag ei opning i barnehagelova for å kunne gi tilskot til nye barnehagar. Kommunen sitt ansvar etter bhl § 8 inneber ei plikt til å tilby barnehageplass til barn som er busett i Klepp. Denne plikta har ikkje dei private barnehagane. Det er vidare kommunen sitt ansvar å tilpassa utbyggingsmønstre og driftsformer til lokale behov. Dersom det vil bli enklare å starta nye barnehagar med ein rett til tilskot, vil det vera vanskeleg for kommunen å oppfylla ansvaret. Det er like lite eigna vilkår for dei private barnehagane som allereie er etablert, og dei økonomiske konsekvensane kan bli svært store for kommunen. Kommunen støttar ikkje forslaget om at det bør bli enklare å starta nye barnehagar. 9. Skal kommunen kunna prioritera ideelle barnehagar? Klepp kommune støttar forslaget om at kommunar skal kunna setja vilkår for ideelle barnehagar. Det lokale handlingsrommet vert styrka, og kommunen kan setja vilkår for kva slags barnehagetilbod kommunen kan tilby sine innbyggarar. 10. Meldeplikt ved nedlegging, eigarskifte eller andre organisatoriske endringar Klepp kommune har, som ein av få kommunar, allereie avtalar med dei private barnehagane om meldeplikt ved opphøyr. Kommunen har ei plikt til å tilby barnehageplassar til barn i kommunen og det er avgjerande med gode avtalar for å kunna ivareta plikta som kommunen har. Klepp kommune støttar forslaget. 11. Økonomiske konsekvensar Departementet legg opp til at forslag til ny barnehagelov og forskrifter samla sett ikkje vil gje store økonomiske konsekvensar for kommunane. Nokre av tiltaka vil gje auka kostnadar for kommunen, medan andre vil redusera kommunane sine utgifter. For Klepp kommune vil auka ressursbruk i første rekke vera knytt til auka arbeidsmengde i sakshandsaminga, men det kjem ann på kva slags forslag som blir vedtatt. Om nye barnehagar har rett til godkjenning og tilskot, uavhengig av behov og moglege vilkår, vil det vera svært krevjande økonomisk sett for kommunane. Klepp kommune reknar med at der endring i lovverket medfører statlege finansiering, vil dette bli finansiert. Høyringa er behandla i hovudutval Barn og unge, 23.mai 2019 og er samrøystes. Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"