🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - NOU 2018:18 Trygge rammer for fosterhjem

Interkommunal barnevernsteneste for Hareid-Hornindal-Ulstein-Volda-Ørsta

Departement: Familiedepartementet
Dato: 20.05.2019 Svartype: Med merknad Høyringsuttale vedrørande NOU 2018:18 Trygge rammer for fosterhjem. Den interkommunale barnevernstenesta for Hareid-Hornindal-Ulstein-Volda-Ørsta ser det som viktig med ei utgreiing om korleis born som bur i fosterheim kan ivaretakast på ein god måte. Vi ser det som positivt at rammene for fosterheimsarbeidet særleg vert fokusert på i denne utgreiinga. Utvalet har peika på mange viktige forhold for å betre fosterheimsarbeidet og på den måten legge til rette for at barna som bur i fosterheim kan få ein god barndom og oppvekst. Dei fleste forslaga stiller vi oss bak og er einige i, men vi har nokre kommentarar generelt til NOUen og til nokre av forslaga. Generelt: Utvalet sin samansetnad er variert, men kunne også ha med ein representant frå barnevernstenesta som har ei meir direkte rolle i fosterheimsarbeid. Det kunne ha gitt eit meir utfyllande bilete av dei utfordringane som barnevernsarbeidarar opplever i oppfølgingsarbeidet med barna, foreldra og fosterforeldra. Det er eit omfattande arbeid som vert føreslått og som krev mykje tid. Mange av dei oppgåvene som er forventa at den kommunale barnevernstenesta skal utføre har bufetat hatt ansvar for. Barnevernstenestene skal altså få fleire oppgåver å utføre samtidig som det er forventa ein høgare kvalitet på arbeidet. Dette må også føre til at spørsmålet om bemanning i barnevernstenesta også vert behandla. Utvalet kunne påpeike og reflektere over meirarbeidet i forslaga sine og uttalt seg om ressursane som krevst i barnevernstenestene for å kunne gjennomføre dette. Det hadde gjort at mange av forslaga i utgreiinga hadde vore meir realistiske å gjennomføre. Samordning og samarbeid: Vi er einige i dei fleste forslaga i dette kapitlet. Særleg viktig er gjennomgangen og forenklinga av regelverket om teieplikt og opplysningsplikt/rett. Det trur vi er viktig å gjere meir forståeleg. Forslaget om å innføre ei plikt for kommunen til alltid å vurdere om barnet kan flytte i fosterheim i eigen kommune eller nær eigen kommune, er vi ueinig i. Det er mange omsyn og vurderingar å ta ved ei fosterheimsplassering. Ved å lovbestemme ei slik vurdering, er det sannsynleg at dette omsynet vert lagt meir vekt på enn andre og i mange tilfelle, viktigare omsyn. Når barnevernstenesta flyttar barn i fosterheim, må det viktigaste vere å sørge for at barnet får ein betre og stabil omsorgssituasjon. Kva omsyn som skal leggast vekt på ved fosterheimsplassering må vere ei individuell vurdering. For ein del barn vil fosterheimsplassering i den kommunen ein bur i ha stor betyding, for andre vil dette momentet ha lite og ingenting å bety. Oppfølging og tiltak når barn bor i fosterhjem: Kvalitets- og kunnskapsutvikling i fosterheimsomsorga. Barnevernstenesta er einig i utvalet sine forslag om å systematisere arbeidet med plassering og oppfølging av barn i fosterheim. DigiBarnevern som her vert referert til, vil truleg kunne bidra til å gje støtte i dei arbeidsprosessane barnevernstenesta skal utføre på fosterheimsområdet. Samtidig vil ikkje eit slikt system vere tilstrekkeleg. Barnevernstilsette må også styrkast i arbeidet med å gjere faglege vurderingar til beste for det enkelte barn. Kompetanse for fosterforeldrene. Vi er einig i at det er viktig at fosterforeldre er godt førebudde før barnet flyttar i fosterheim. Også vidare opplæring og rettleiing ser vi som viktig og nødvendig for å kunne ivareta barna som flyttar i fosterheim. Den modulbaserte opplæringa er interessant og vil kunne medføre betre opplæring og oppfølging enn det som er vanleg i dag. Utvalet peikar på problemet med at mange fosterforeldre ikkje har den førebuande opplæringa, særleg gjeld dette slekts- og nettverksplasseringar. I forslaget vert det stilt som eit krav at kommunane skal sørge for at tilstrekkeleg førebuing og opplæring vert gitt der kommunane sjølv rekrutterer fosterheimar. Det er lovbestemt at ein alltid skal vurdere å plassere barn i slekt eller nettverk, noko som har medført ein auke i slike plasseringar. Ved desse plasseringane er det ikkje tid til å gjere fosterheimane godt førebudde før barnet flyttar inn, sjølv ved meir planlagde plasseringar. Dette fordi det er fristar å overhalde, og arbeidet med å godkjenne fosterheimen og deretter gjennomføre den nødvendige opplæringa tek tid. Mangelen på tid til at fosterforeldre i slekt og nettverk kan førebu seg til å ta imot eit barn og innstille seg på å ta imot opplæring og rettleiing etter plassering, er eit dilemma barnevernstenesta står i ved slike plasseringar. Dette dilemmaet er i liten grad behandla i utvalet sitt forslag. Spisskompetansemiljø på fosterheimsområdet rundt om i landet ville kunne vere viktig for å betre kvaliteten på fosterheimsområdet. Det er likevel vanskeleg å sjå for seg korleis kommunane skal kunne etablere og utvikle dette. Mange kommunar er små og sjølv om kommunane slår seg saman om dette, vil det ikkje vere tilstrekkeleg kompetanse rundt om i landet til å bygge slike miljø. Når ikkje staten ved bufetat fullt ut har fått til dette, framstår det som lite realistisk å tru at kommunane skal få det til. Her kunne utvalet kome med meir konkrete innspel til korleis få til slike spisskompetansemiljø. Forsvarleg oppfølging – oppfølgingsbesøk i heimen og bruk av planar. Vi er einige med utvalet om at det er viktig med planar og det kan vere eit godt verktøy å utarbeide ein plan for oppfølginga allereie i fosterheimsavtalen. Også faglege standardar for kva som er forsvarleg oppfølging og tilsyn med fosterheimane kan vere eit viktig bidrag til å styrke fosterheimsarbeidet. Når det gjeld oppfølgingsbesøk, meiner vi at det fortsatt bør vere eit minstekrav om oppfølgingsbesøk. Vi er derfor enige med mindretalet Bendiksen på dette punktet. Det er eit stort arbeidspress i barnevernstenesta, noko som kan gjere at oppgåver ikkje vert utført slik det er tenkt. Eit minstekrav til å møte fosterfamilien og barnet kan derfor vere ei viktig påminning for å følgje opp dei faglege standardane. Økonomiske rammebetingelsar. Vi meiner dette er eit nødvendig tiltak i fosterheimsomsorga. Utvalet sine drøftingar og refleksjonar om kva som er utfordringane med dagens ordning og korleis arbeidsressursar vert brukt til forhandlingar om godtgjering er nyanserte og gjenkjennelege. Utvalet sitt forslag til korleis dette kan ordnast stiller vi oss fullt ut bak. Det er særleg viktig at den stønadsordninga som utvalet føreslår vert regulert sentralt og at det ikkje er opp til den enkelte kommune å bestemme den. På den måten vil stønaden kunne ha ein storleik som er realistisk for å rekruttere gode fosterheimar og det vil vere mindre forskjellar på kva fosterforeldre får i godtgjering. Å ha ei målsetting med frikjøp og at det er tiltak som følgjer med frikjøp, ser vi som viktig for å få til ei mest muleg rettferdig og berekraftig ordning. Volda 19/5 - 2019 Barne- og familiedepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"