🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - Forslag om opphevelse av omstillingsloven

Hordaland fylkeskommune

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Hordaland fylkeskommune vil ikkje tilrå at Omstillingslova med tilhøyrande ansvar og lovheimlar knytt til regionalt nivå blir fjerna, utan at det kjem på plass gode løysingar som ivaretar omsynet til lokalsamfunn og tilsette.

Føremålet med Omstillingslova er at Hordaland fylkeskommune skal «leggje til rette for ein prosess der ein vurderer tiltak for vidare drift og andre tiltak som reduserer dei negative konsekvensane for dei tilsette og for lokalsamfunnet når det er på tale å leggje ned ei bedrift». I praksis betyr dette at fylkeskommunen tek kontakt med dei tilsette i verksemda for å høyra om dei ynskjer at fylkeskommunen kallar inn bedriftsleiinga/eigarar, dei tilsette, kommunen, NAV og Innovasjon Norge til eit drøftingsmøte. Formålet med drøftingane er å få fram alternativ til nedlegging, og drøfta kompenserande tiltak for dei tilsette som mister arbeidet.

Hordaland fylkeskommune har dei fire siste åra fått mange meldingar frå verksemder som planlegg nedlegging, utflagging og nedbemanning. Døme på verksemder er Lyssand Treindustri AS, Telia Norge AS, Jo Tankers AS, WesternGeco AS, CGG Services GC Rieber Crewing AS, Radisson Blue Hotel Norge, Aker Solutions AS, Ågotnes Prefabrikasjon, Bunnpris Liamyrane AS, AcustoAS, Opedal Anlegg AS, Nortura Bergen, FMC Kongsberg Subsea AS, Rolls-Royce Marine AS, Wärtsilä Oil & Gas Systems AS, Profitek AS, ICA Norge AS. I fleire av desse verksemdene har mange hundre tilsette fått varsel om oppseiing, og i fleire av tilfella har dei tilsette, representert ved dei tillitsvalde for fagforeiningane, bedt fylkeskommunen om å leggja til rette for eit drøftingsmøte.

Fylkeskommunen klarer naturleg nok ikkje snu prosessar i verksemder som er påverka av økonomiske nedgangstider, men i fleire tilfelle har det vore viktig å sikre at dei tilsette blir tekne vare på gjennom gode og inkluderande prosessar. For dei lokalsamfunna det gjeld, kan bedriftsnedlegging få betydelege negative konsekvensar. Det er derfor viktig å leggje til rette for at bedrifter som vil leggje ned verksemda si, bidreg til lokalsamfunnet for å sikre vellukka omstillingar. For sårbare lokalmiljø kan det vere spesielt viktig å etablere ein møteplass som inkluderer bedrift, tilsette og styresmaktene, mellom anna verkemiddelapparatet. Med dette blir det lagt til rette for at partane på ein god måte kan «snu alle steinar» og finne alternativ dersom bedrifter som er svært viktige for lokalsamfunnet, er trua av nedlegging. Meldeplikta og drøftingsmøtene er likevel ikkje meint som eit hinder for nedlegging eller omstilling når framtidsutsiktene til bedrifta tilseier at det ikkje er grunnlag for vidare drift i noverande form.

Oppgåvene knytt til omstillingslova høyrer heime nettopp i fylkeskommunen. Med regionaliseringa er dette endå meir openbart. Hordaland fylkeskommune vurderer det slik at omstillingslova er viktig for trepartssamarbeidet og den norske modellen, ikkje minst fordi lova på ein enkel måte formaliserer drøftingsplikta mellom partane i arbeidslivet.

Omstillingslova gir alle partar ein moglegheit til å koma med sine synspunkt på nedlegging av næringsverksemd. Reint formelt utset omstillingslova avgjerda om å legge ned ei verksemd med 30 dagar. Dette er viktige dagar for å få ein reell drøfting mellom partane. Det gir dei tilsette moglegheit til å hevde synspunkt før den endelege avgjerda om nedlegging er tatt, i staden for etter at avgjerda er endelig.

Det er viktig at dei tilsette og lokalsamfunn vert høyrt i alle saker som kan medføre betydeleg tap av arbeidsplassar. Lokalt- og regionalt politisk nivå har eit ansvar for å bidra til utvikling av eigen region. Det er difor viktig at politiske nivå blir involvert så snart som mogleg, når det er planar om å avvikle, flagge ut, eller flytte næringsverksemder.

Vidare er det viktig at fylkeskommunen som regional utviklar har lovverk å støtte seg på, i sin kontakt med sentrale bedrifter i sin region. Tidlig kontakt mellom bedrifter som vurderer store endringar i talet på tilsette, og regionalt politisk nivå kan bety mykje for ein eventuell regional omstillingsprosess.

Med dette som bakgrunn vil Hordaland fylkeskommune tilrå at ansvar og lovheimlar knytt til regionalt nivå ikkje blir fjerna, utan at det kjem på plass gode løysingar som ivaretar omsynet til lokalsamfunn og tilsette.