Dato: 12.04.2019 Svartype: Med merknad Høyringssvar på "Forslag til endringer i introduksjonsloven - hjemmel for behandling av personopplysninger i Nasjonalt tolkeregister ", deres referanse: 19/983. Tolkeforbundet syns endringane som kjem fram i høyringsforslaget, er nyttige for å kunne utvikle det Nasjonale Tolkeregisteret vidare. Samtidig ser Tolkeforbundet det som naturleg at også teiknspråktolkar skal ha moglegheita til å bli innlemma i dette registeret, og dermed kunne få lik tilgong og vurdering som andre tolkar. Slik det er for oss i dag har vi ikkje noko statsautorisering for teiknspråktolkar, då vi alltid vil ha utdanning gjennom universitet eller høgskule for å bli godkjent som teiknspråk/skrivetolkar. Å få på plass ei autorisasjonsprøve for teiknspråktolkar har Tolkeforbundet tidlegare etterspurt frå OsloMet. Dette håpar vi kan kome på plass. Slik det er i dag ser vi at mange av våre teiknspråktolkar vil kunne gå under kategori 2, og skrivetolkar under kategori 3. Det er også viktig for teiknspråktolkar å kjenne at ein blir vurdert og verdsatt på lik måte som andre språktolkar, i tillegg til at dette vil vere med på å bekrefte teiknspråktolkane si kompetanse. Vi bed om at dette skal kunne bli tatt med i vurderingane, evt kunne opne for eit samarbeid for å kome til ei mogeleg løysing på dette. Mvh Tolkeforbundets styre Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"