Dato: 18.02.2025 Svartype: Med merknad Me jobbar dagleg med vaksne innvandrarar og tilbyr norskopplæring til dei som kjem til å bli påverka av endring frå A1 til A2 munnleg for å kunne få permanent opphald. Det er for det første dei med liten skulebakgrunn, traume eller helseutfordringar, store omsorgsoppgåver eller som ikkje meistrar eit germansk språk som kjem til å få problem med å møte dette kravet. Erfaringane våre med desse deltakarane er at auka krav knytt til opphald og statsborgarskap ikkje skapar motivasjon, men stress. Difor ser me på kravet som noko som ikkje bidreg til å lære deltakarane norsk. Me ser det heller som negativt for integrering. Dersom kravet vil kunne fungere motiverande for nokon, vil det først og fremst gjelde ei lita gruppe som ikkje faktorane nemnt over gjeld for. For dei som har problem, vil ofte dei nemnde utfordringane henge saman. Blant desse er flyktningar, ikkje-vestlege innvandrarar og kvinner overrepresentert. Difor meiner me at det auka kravet vil fungere diskriminerande ved å potensielt hjelpe ei lita gruppe som er relativt privilegerte, medan det er til hinder for dei som har meir krevjande livssituasjonar og som står i reell risiko for utanforskap og marginalisering. Me er ikkje nødvendigvis negative til språkkrav, men meiner det er feil å knyte språkferdigheiter til spørsmål om opphald. For å fremje integrering lyt ein heller sjå på andre typar meir målretta krav og tiltak som legg til rette for norsklæring og inkludering. Med helsing Bømlo vaksenopplæring Justis- og beredskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"