Høyringssvar frå Balestrand kommune:
Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne
Til Kommunal – og moderniseringsdepartementet
Høyringssvar vedk. forskrift om kommunale råd for eldre, for personar med nedsett funksjonsevne og for ungdom
Til kommunelova § 5- 12:
Vi meiner at det bør presiserast at råda har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld levekåra til vedkomande gruppe.
3.1 Innleiing og kort oversikt:
Høyringsnotatet har grundig utgreiing om intensjonane bak forskrifta, men sjølve forskrifta består berre av fem paragrafar som er generelt utforma, med låg grad av konkrete rettar. Vi vil difor fremme konkrete framlegg til endringar. Desse bør primært framgå av sjølve forskrifta, sekundært i rettleiinga til forskrifta.
Vi vil vidare poengterer at forskriftene må bygge på prinsippet om uttalerett i alle saker som gjeld levekåra til vedkomande gruppe.
Medråderettsorgana vert f.o.m. valet i 2019 rekna som folkevalde organ. Sentrale ordningar for folkevalde, vil såleis og gjelde for rådsmedlemmene. Vi nemner særskilt retten til opplæring. Rett til opplæring bør kome med i forskrifta og bli omtala i rettleiinga.
Ei felles forskrift medfører meir generell utforming med mindre grad av presisering enn i tidlegare gjeldande lov – og rundskrivtekstar. Dette vil gje meir rom for tolkning og kan føre til uklarheit. Det er difor viktig med ei god rettleiing som vidarefører ordningane frå særlovene og frå medfølgjande rundskriv.
Det er viktig at det blir utarbeidd rettleiingar for kvart av råda. Av viktige punkt som må kome med i rettleiinga, vil vi nemne retten til opplæring og klare rammer for sekretariatfunksjonen.
Forskrifter og rettleiingar bør vere tilgjengeleg på begge målføre.
3.6 Tidleg innvolvering:
Det er viktig at departementet understrekar kor viktig det er at råda vert sikra tidleg involvering i sakene, d.v.s. under prosessen med saksførebuing og før endeleg framlegg vert utforma.
3.10 Nærmere om forslag til oppgåver:
Vi presiserer enno ein gong at omgrepet «alle saker» vil seie alle saker som gjeld levekåra til vedkomande gruppe.
Ein føresetnad for reell medverknad er at råda mottek sakene på eit så tidleg tidspunkt at rådet sin uttale kan påverke utfallet av saka.
3.11 Nærmare om samansetting og organisering:
Råda bør vere på minst 5 medlemmer.
Viktig at kommunestyret innhentar uttale frå dei aktuelle gruppene sine organisasjonar, og at desse organisasjonane er representative for sine grupper.
Viktig at råda sjølve vel leiar og nestleiar.
Det er presisert at råda skal ha naudsynt sekretærhjelp. Vi vil leggje til at det skal vere relevant sekretærhjelp, og mest mogeleg av faste sekretærar.
3.12 Moglegheit for felles råd for eldre og personar med nedsett funksjonsevne
Det er særs uheldig med felles råd sidan råda skal representere grupper med svært ulike behov. Eit felles råd vil få mange og svært ulike saksområde til handsaming, noko som kan svekke legitimiteten for dei gruppene rådet skal representere.
Kommunar og fylkeskommunar bør som hovudregel ikkje ha høve til å opprette felles råd. Dersom ei representasjonsordning skal fungere godt, må ho ha legitimitet. Dersom målgruppene ikkje opplever å ha sterke nok felles interesser og ikkje ønskjer å medverke til felles råd, så vil ikkje eit felles råd kunne oppfylle formålet med med lova. Dette bør framgå av forskriftene.
Unntaksvis kan det i svært små kommunar opprettast felles råd om det er uråd å få medlemmer til to separate råd.
Framlegg til endringar i forskrifta:
Forskriften skal sikre en bred, åpen og tilgjengelig medvirkning fra
- Punkt a): eldre gjennom eldrerådet i alle saker som angår dem.
- Punkt b): personer med funksjonsnedsettelse gjennom rådet for personer med
funksjonsnedsettelse i alle saker som angår dem
- 2.avsnitt: Rådene har rett til å uttale seg i alle saker som angår dem.
§ 3, Sammensetning og organisering:
- 1. avsnitt, siste setning endres til: «De bestemmer også hvor mange medlemmer og
varamedlemmer rådene skal ha utover 5 faste medlemmer»
- 3. avsnitt, tillegg: Representative organisasjoner for eldre, for personer med...osv.
- 4. avsnitt, tillegg: Rådene skal gis tilstrekkelig og relevant sekretariathjelp.
§ 4, Felles råd for eldre og personer med funksjonsnedsettelse:
-1. avsnitt, tillegg: Kommuner og fylkeskommuner skal som hovedregel ikke ha anledning til å opprette felles råd for eldre og personer med funksjonsnedsettelse. Unntaksvis kan det i svært små kommuner opprettes ett felles råd hvis det er umulig å få opprettet to separate råd . Organisasjoner for eldre, organisasjoner for personer med funksjonsnedsettelse og etablerte råd for eldre og for personer med funksjonsnedsettelse i kommunen eller fylket, skal bli hørt før kommunestyret eller fylkestinget avgjør om det skal opprettes felles råd.
Rådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne,
v/ leiar Annbjørg Alrek.