Dato: 18.02.2025 Svartype: Med merknad Vi viser til «Forslag til endringer i utlendingsloven og utlendingsforskriften – krav om ferdigheter i norsk muntlig og bestått prøve i samfunnskunnskap for rett til permanent oppholdstillatelse mv.» Denne høyringsuttalen omhandlar berre punkt 4.2 i forslaget, og vi støttar ikkje forslaget om å auke språkkravet frå A1 til A2 for å få permanent opphaldsløyve for alle. Forsking viser at språkkrav ikkje fremjar integrering, men derimot skapar frykt og uro blant dei som skal lære norsk, noko som er uheldig i ein læringssituasjon. Det kan nok truleg medføre til at nokon «skjerpar seg» og møter opp til und. og øver heime. Krava som blir sett til statsborgarskap er ein stor pådrivar for at dei tek del i samfunnet og trer ut av si eiga familiære språkboble. At ein må bevise at ein kan forsørge seg sjølv ved å måtte kome ut i arbeid vil større krav til munnleg norsk språk vere positivt for deltaking og integrering i det norske samfunnet for dei fleste. Men som pedagogar i ei vaksenopplæring ser vi dagleg at folk har ulike føresetnader for å lære norsk. Gjennom norskundervisning får alle høve til å lære ut frå sin ståstad og ut frå sine føresetnader. Å krevje A2 gjennom ein test er noko heilt anna. Dette vil føre til eit skilje mellom ulike grupper innvandrarar som er urettvis, nett fordi det ikkje tek omsyn til at vi har ulike føresetnader for å lære. Vi ber departementet at inn over seg den forskinga som er gjort på dette feltet, og ber om at språkkravet ikkje vert auka til A2 utan at ein tek omsyn til alder, sjukdom, livssituasjon og bakgrunn m.m. Nokon vil aldri kunne nå eit A2 nivå utifrå sine forutsetningar. Dette kravet vil føre til diskrimering av den innvandrargruppa med lite eller ingen skulebakgrunn. Noko som vil hemme integreringa, og tvert imot føre til å utanforskap. ATV/HTV Utdanningsforbundet Volda HTV Utdanningsforbundet Volda, på vegne av medelemmar ved Volda Læringssenter og Utdanningsforbundet Volda Justis- og beredskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"