Me treng ein forutsigbar og rettferdig smågriskonsesjon
Dagens regelverk er ikkje forutsigbart. Eg meiner ei konsesjonsgrense må vere ei konsesjonsgrense og ei purke må vere ei purke, noko som ikkje er tilfellet i dag. Eg meiner at det enklaste og mest forutsigbare vil vere å sette grensa ved mengde produsert vare (slik det forrøvrig er i mjølkeproduksjonen), altså tal smågris. Ei konsesjonsgrense på mellom 3000- 4000 produserte smågris per år vil vere fornuftig.
Forslaget som no er ute på høyring er mykje beire enn dagens regelverk, men eg synes likevel det er unødvendig uoversiktleg og mindre fleksibelt for bonden. Ei grense på tal produsert smågris vil vere det enklaste å forhalda seg til for både bonde og myndigheit. I tillegg gjer det at bonden sjølv kan velgje korleis han vil produsere smågrisen med tanke på påsett % og bruk av eingongspurker osv.
Ellers må me passa oss for å blande dei to ulike diskusjonane om konsesjonsgrense og kva som vil skje med dei få produsentane som vil råkast av det nye regelverket. At det er vanskeleg å komme fram til korleis ein skal handtere desse produsentane, må ikkje hindre at ein får på plass ei skikkelig, retferdig og oversiktleg konsesjonsgrense.