Frå: Norsvin Ryfylke, v/ leiar Anne Berit Verpe, mail: an-verp@online.no
Til: Det kongelige landbruks- og matdepartementet
Innspel til høyring – forslag til endringar i forskrift om regulering av svine- og fjørfeproduksjonen.
Intensjonen med å ha eit konsesjonsregelverk i svineproduksjonen, er at det skal sikrast at det blir geografisk spreiing i produksjonen, noko som vart påpeikt av vår nye regjering nettopp. Dette er mellom anna viktig for å halda på ein spreidd slakteri-struktur. Det vart også sagt at det ikkje skal bli utviding av nokon konsesjonsgrenser.
Følgjande punkt bør vektleggjast:
- Dei som driv med eingangspurker i dag skal ikkje blir belønna med utvida konsesjon.
- Overgangsordning på 3 år må overhaldast og nedtrapping må starte med ein gong forskrifta trer i kraft.
- Slakta purker må ikkje klassifiserast etter vekt, men kontrollerast på slakteri for å sjå om juret har vore i bruk.
- Konsesjonsgrensa for utrangerte avlspurker vert sett til 140 stk for bruksbesetningar, med dei forholdstala for purkeringar, foredlings- og formeiringsbesetningar som i høyringsutkastet. Høgare grenser her vil undergrave intensjonen med endringa og er i praksis det same som å utvide konsesjonsgrensa.
- Det må sjåast på om denne ordninga (med to tellepunkt) kan ha utilsikta uheldige konsekvensar for dei som driv kombinert-produksjon.
Argumenter som at store investeringar er gjort i eingongspurke-produksjonen og at eingongspurke-produsentane derfor må ha lengre tid til omstilling, må ikkje tas omsyn til. Fleire bønder som har investert i svineproduksjonen innanfor konsesjonsgrensa, slik den var tenkt praktisert, slit i dag med å betale renter og avdrag pga låge prisar. Endring i forskrifta vil, saman med andre tiltak, gje balanse i marknaden og gjera at målpris kan tast ut og omsetningsavgifta setjast ned. Dermed vil alle svineprodusentar ha høve til å tena pengar igjen.
Nokon frykter at det blir for lite smågris i marknaden dersom eingongspurkene må ut av produksjon. Dersom dette er tilfelle er denne produksjonsforma altfor utbreidd og stikk i strid med formålet til konsesjonsregelverket.
Det er og har dei siste åra vore overproduksjon av gris i Norge. Det faktum at eingongspurkeprodusentane i lengre tid har kunna forsyne marknaden med gris langt utover dei bestemte grensene, tyder på at denne type drift i stor grad bidrar til overproduksjonen. I tillegg til smågris, forsyner og eingongspurke-produsentane marknaden med purkekjøtt, som i tillegg til å bidra til overproduksjon, er av lågare kvalitet enn kjøt frå slaktegris.
Einstemmig vedtatt på årsmøtet til Norsvin Ryfylke 5.2.19