🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - forslag til endringer i utlendingsloven og utlendingsforskriften - krav...

Utdanningsforbundet sin klubb ved Sykkylven vaksenopplæring

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner

Høyringsuttale – språkkrav for permanent opphaldsløyve

Vi viser til «Forslag til endringer i utlendingsloven og utlendingsforskriften – krav om ferdigheter i norsk muntlig og bestått prøve i samfunnskunnskap for rett til permanent oppholdstillatelse mv.»

Denne høyringsuttalen omhandlar berre punkt 4.2 i forslaget, og vi støttar ikkje forslaget om å auke språkkravet frå A1 til A2 for å få permanent opphaldsløyve. Forsking viser at språkkrav ikkje fremjar integrering, men derimot skapar frykt og uro blant dei som skal lære norsk, noko som er uheldig i ein læringssituasjon.

Som pedagogar i ei vaksenopplæring ser vi dagleg at folk har ulike føresetnader for å lære norsk. Gjennom norskundervisning får alle høve til å lære ut frå sin ståstad og ut frå sine føresetnader. Å krevje A2 gjennom ein test er noko heilt anna. Dette vil føre til eit skilje mellom ulike grupper innvandrarar som er urettvis, nett fordi det ikkje tek omsyn til at vi har ulike føresetnader for å lære.

Vi ber departementet at inn over seg den forskinga som er gjort på dette feltet, og ber om at språkkravet ikkje vert auka til A2.

Venleg helsing Utdanningsforbundet sin klubb ved Sykkylven vaksenopplæring