🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - Forslag til endringer i forskrift om unntak fra konkurranseloven § 10 f...

Språkrådet

Høyringsfråsegn
Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
«Forslag til endringer i forskrift om unntak fra konkurranseloven § 10 for samarbeid ved omsetning av bøker (bokforskriften)»

Språkrådet gir med dette fråsegn til høyring om endringar i bokforskrifta.

Språkrådet er statens fagorgan i språkspørsmål og arbeider med å styrkje det norske språkets status i notid og framtid. Dette arbeidet går ut frå språkpolitikken slik han er vedteken av Stortinget. Språkstyrkingsarbeidet omfattar både norsk språk generelt og den nynorske målforma spesielt.

Kulturtilbod på norsk

Eitt av hovudmåla i den norske språkpolitikken er at norsk skal vere eit språk som er i bruk på alle område av det norske samfunnet. Kultursektoren har tradisjonelt vore prega av sterke norskspråklege aktørar, og litteraturen har vore og er eit sterkt domene for norsk språk i Noreg.

Med framveksten av nye medievanar ser vi at særleg barn og unge bruker stadig meir tid på digitale plattformer. Marknadsanalysebyrået Kantar har på oppdrag frå Språkrådet dei siste to åra undersøkt kva språk barn og unge møter i kultur- og medietilbodet. Tala viser at norsk språk står sterkt i tradisjonelle kanalar som trykt litteratur og lineær-TV, medan barn og unge i mykje mindre grad møter norsk i nye kanalar som dataspel og i videosnuttar på nett.

Når me veit at tidsbruken aukar mest på desse aktivitetane, er det grunn til å stille spørsmål ved om alle born og unge i Noreg har tilgang til eit godt norskspråkleg kulturtilbud i dei kanalane der dei bruker mest tid.

Når ein no skal kome med ein ny bokavtale, er det avgjerande at ein tek høgd for den utviklinga som har vore i digital bruk. Det statlege verkemiddelapparatet må vere fleksibelt og legge til rette for utvikling av gode digitale produkt på norsk, og ein må finne modellar som gjer det lønsamt for norske aktørar å utvikle slike produkt. Det vil vere heilt avgjerande for at norske barn og unge skal ha tilgang til eit reelt norskspråkleg alternativ til det engelskspråklege innhaldet som dominerer digitalt.

Særleg omsyn til nynorsk

Kulturinnhald på nynorsk er særleg utsett, sidan det berre er ein liten del av det samla tilbodet på norsk. Nynorsk står sterkt på litteraturfeltet, og det er viktig at ein framtidig bokavtale ikkje svekkjer denne posisjonen. Ein ny bokavtale må også legge til rette for gode digitale produkt på nynorsk.