Dato: 08.02.2019 Svartype: Med merknad Forskrift om tildeling av utdanningsstøtte for 2019-2020 Høyringssvar frå Sogn og Fjordane fylkeskommune Sogn og Fjordane fylkeskommune sitt høyringssvar gjeldande forslag til endringar for vaksne deltakarar i vidaregåande opplæring, kap. 4, 5 og 6 i høyringsnotatet Til kap. 4: «Rett til støtte til yrkessjåførutdanning ved godkjente trafikkskoler og økt lån til skolepenger» Sogn og Fjordane fylkeskommune støttar forslaget. Grunngjeving: Det er stort behov for arbeidskraft innan yrkessjåførutdanninga, og fylkeskommunen ser at det er eit stort rekrutteringsgrunnlag særskilt blant vaksne minoritetsspråklege. Opplæringa er høvesvis kostbar, og dermed vanskeleg å gjennomføre for denne gruppa vaksne utan slik støtte. Til kap. 5: «Fjerne minstekrav for antall undervisningstimer for videregående opplæring for vaksne» Sogn og Fjordane fylkeskommune støttar forslaget. Grunngjeving: §4A-3 i opplæringslova som gjeld rett til vidaregåande opplæring for vaksne, legg vekt på at opplæringa skal vere fleksibel og tilpassa den enkelte vaksne sitt behov for tilrettelegging i høve lengd, tid og stad for opplæringa. Reglane for støtte frå lånekassa har til no vore etter måten lite tilpassa denne retten. Forskjellsbehandlinga i krav til timar mellom stadbunden undervisning og fjernundervisning, er eit døme på at forskrift til utdanningsstønad ikkje har teke opp i seg dei krava til fleksibilitet som ligg i rettane til dei vaksne deltakarane i vidaregåande opplæring. Til kap. 6: «Støttebeløp til voksne elever i videregående opplæring med fritak for kroppsøvingsfaget» Sogn og Fjordane fylkeskommune støttar forslaget. Grunngjeving: At fritak for kroppsøvingsfaget gjev 25% redusert støtte, har vore ein særs urettferdig regel som har vore vanskeleg å rettferdiggjere og forklare for dei vaksne deltakarane. Fylkeskommunen støttar fullt ut endringa og departementet si grunngjeving for endring av denne forskrifta. Sogn og Fjordane fylkeskommune er derimot ueinig i at ein ikkje vil vurdere same ordning gjeldande andre fag. Vaksne kan få godkjend fag gjennom realkompetansevurdering, eller få godkjend fag frå andre land. Men ofte fører kravet om 50% studiebelasting, eller reduksjonen i støtte grunna fritak frå fag, til at dei likevel vel å få opplæring i desse faga. Dette er da i strid med prinsippet som ligg i opplæringslova, om at dei vaksne ikkje skal trenge å få opplæring i fag dei har frå før. Generelle kommentarar : Deltakargruppa innan vidaregåande opplæring for vaksne har dei siste åra endra seg mykje. Hos oss er majoriteten av deltakarar med vaksenrett minoritetsspråklege, og da særskilt flyktningar. Dette gjer at livsopphaldsproblematikken vert gjeldande, og det er synd å sjå at gruppa ofte vert «kasteballar» mellom ulike regelverk for stønad hos NAV, fylkeskommune og lånekassa. Mellom anna bør gratis skuleskyss og utstyrsstipend for vaksne (gjerne behovsprøvd) vurderast som verkemiddel, slik at deltakarar, skule og skuleeigar ikkje må finne «kreative» løysingar på desse høgst reelle kostnadsutfordringane kvar gong ei opplæring vert sett i gong. Som integreringsmeldinga er klar på, er det viktig å få flyktningar og innvandrarar raskt i arbeid, og dei fleste yrke i dag krev fagopplæring eller høgare utdanning. Men det er viktig at både opplæringa og støtteordningane er fleksible nok, og gjer det mogleg for dei fleste å ta ein utdanning for å komme inn på jobbmarknaden. Sogn og Fjordane fylkeskommune har gode erfaringar med den såkalla «Sogn og Fjordane-modellen» særskilt innan helsearbeidarfaget for minoritetsspråklege, som er eit kombinasjonsløp mellom teori i skule og praksis i bedrift i fire år. Deltakarane er her garantert læreplass frå dag ein i løpet, og er utplassert hos lærebedrifta heile vegen. Teorifaga vert da teken over tre år, og dette fører til reduksjon i stønad frå lånekassa. Dette er eit døme på at regelverket for stønad ikkje er godt nok tilpassa behovet for fleksibilitet. Vi har meld problemstillinga inn til lånekassa, men ikkje motteke svar med eventuelt forslag til løysing. Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"