🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring – forslag til lov om forbud mot hold av pelsdyr

Arnt Erik Evja V/ Nylende Pels

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Eg er ein mann på 35 år. Eg er oppvaksen i Kyrkjebygda i Nissedal kommune. Familien min har alltid drive med dyr. Bestefar min var leiglending så lenge han dreiv med jordbruk. Far min hoppa eit hakk opp. Han bygde fjos utan å eige nok jord. Heile produksjonen hans er basera på leige. Eg har naturbruks utdanning i frå Søve vgs. Og er då den fyste på mi grein av familien som eiger ein gard.

Eg og kona mi kjøpte garden på det opne markede i 2012. Vi overtok drifta 1/1 2013. Då hadde eg alt jobba 100% på garden for forrige eigar i 7 år. Det har vore pelsdyr her siden garden blei ettablera i 1935. Pelsdyr har alltid vore ein sentral del av inntekta på garden. Forige eigar dreiv au med ammekuer og framforing til slakt. Dette har eg videreført drifta av og spesialisert meg inn på ein reinavla rase. Eg beggynte au med sau etter at eg var ferdig på søve, så dei fekk au sin naturlege plass her. Det er små forhold og brattebakkar rundt her. Så det er ikkje veldigt mykje meire eg greier å sjå at eg kan utvikle sauene og storfea.

Når vi overtok garden så var det basera på at eg skulle ha ein fulltids stilling her heime. Det hadde ikkje lat seg gjere hadde det ikkje vore for pelsdyra. Dei æ den økonomiske motoren i drifta her. Uten den inntekta greier eg ikkje å sjå korleis eg skal får endane til å møtest. Vi har ei gjeld på ca 5,5 millioner kroner per dags dato. Det lar seg ikkje gjøre å sitte med den når pelsdyra er vekk. Det er ikkje mykje jobb å få rundt her. Skal det være fortsatt ein gard med full jobb på, så må det inn ein kraftfor basera produksjon. Dette vil koste rundt 5 til 10 millioner og bygge opp nytt driftsapparat. Vis banken tør og sattse på meg.

Pelsdyrdrifta består i dag av 1200 avelstisper. Det er ein produksjon på ca 5000 til 6000 skinn. Det er da ein omsettning på ca 1 350 000 til 1 620 000kr vis snitt prisen er på 270kr. Der er veldig viktige penger for meg, men ikkje minst for kommunen og alle dei eg kjøper tjenester av.

Eg har henta inn pris på riving av annlegget. Dei prisane eg fekk var kostnaden mellom 1100kr til 1250kr. kostnaden med å rive annlegget vil då beløpe seg til inntil 1 320 000kr hvis vi bruker det billigast alternativet. Dette må då leggas med i den kompensasjonen vi eventuelt måtte få. Så vi ikkje kommer ut av dette med gjeld.

Eg har au 1,5 mann ansatt her. Den eine er min forige sjef. Vi har bare bytta roller. Han er ein mann i 70 åra som kan faget og har godt av å komme ut å bevæge seg. I tillegg så leiger eg inn manskap i dei periodane det er behov for det.

Når det er sagt så håper eg at vi får fortsette med den fantastiske milljøvennlege produksjonen vi har i dag. Eg meiner naturprodukt er mykje betre å bruke en olje produkt som er det alternativet vi har til pels og ull.

Arnt Erik Evja ved Nylende Pels

Sau, storfe og pelsbonde.